Dokumentér verdiane dine

Årstida vi er inne i er høgsesong for brann i bustader. Ei undersøking viser at det berre er ein liten del som har dokumentert det dei eig og har av verdiar på ein god måte.

Ta bilder av skuffer og skap_Foto Gjensidige_690x518.jpg
Ta bilde av skuffer og skap

Sveip over alt du eier i boligen_Foto Gjensidige_690x518.jpg
Sveip over over alt du har i ulike rom!

Har du gjort dette ?

Da er du ein av få skal vi tru ei undersøking forsikringsselskapet Gjensidige har bede Ipsos gjere der dei har spurt om kor mange som har dokumentert verdiane i heimen. Berre 28 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal seier dei har gjort det.

Etter ein brann, tjuveri eller ein annan skade er det vanskeleg å ha oversikt over alt ein eig. Derfor må du ta fram mobilen og filme no! I morgon kan det vere for seint.

Når forsikringsselskapet snakkar med kundar som har større skadesaker, hører dei ofte at kundane hadde tenkt å dokumentere eigendelane sine, men fekk aldri gjort det før det var for seint.

- Skjer det ein totalskade ved brann, er det nærast umogleg å klare å oppsummere og hugse alt ein har hatt av eigendelar, sier Arne Voll som er kommunikasjonssjef i Gjensidige. Det samme kan vere ved eit litt større tjuveri. Ved vass-skader er stort sett det meste framleis i bustaden intakt og kan derfor dokumenterast.

Sjølv om vi ofte får dokumentasjon via bilde, kvitteringar eller på andre måtar, er det dessverre slik at det meste går tapt i ein brann, også dokumentasjonen.

- Ei innbuforsikring vil dekke innbu og løsøre for ein sum kunden sjølv vel. Mange er samtidig ikkje klar over kva verdiar dei faktisk har, seier Voll.

- Ein bør derfor ta mobilen eller eit fotoapparat og filme alt ein eig, seier Voll vidare. Dette treng ikkje å ta så lang tid. Han anbefaler å ta rom for rom, og ikkje minst - filme i skuffer og skap. Verdiane er ofte mykje høgare enn ein kan tenke seg, om det skjer ein totalskade.

På det meste har Gjensidige opplevd at kundar har levert inn lister med fleire tusen små og store ting som skal erstattast etter ein stor brann. Det seier seg sjølv at utan skikkeleg dokumentasjon er dette krevjande å få til.

Truser, sokkar, bukser, t-skjorter og finkler - alt må erstattast. Det samme gjeld på kjøkkenet. Tenk kor mange ting eit kjøkken for ein barnefamilie inneheld. Det kan også vere ein fordel å ta bilde av viktige papir, kvitteringar, dokument, maleri, kunstgjenstandar, frimerkesamlingar, smykke osv.

- Og, hugs! Når du har laga eit oversyn over alt du eig, bør du lagre dette utanfor heimen, seier Voll. I dag kan det vere i skya til mobiloperatøren eller i andre nettstader som tilbyr dette. Eit alternativ er å lagre minnebrikken hos familie eller andre kjente.

Film eller ta bilde av alle eigendelane i :

  • Bustad/leilegheit

  • Kjellar og loft

  • Boder

  • Garasje

  • Hytter/naust

  • Uthus