Dobbelkonsert i Øye

Konserten i Øye kyrkje torsdag kveld var ved to musikarpar og med to musikkstilar. Vi fekk klassisk fiolin og gitar, og vi fekk musikkalsk leik med stemme, perkusjon og elektronikk


Musikarane Erle Romundstad, Oddbjørn Sponås, Annbjørn Husby, Elisabet Husby og Oddveig Helset Halle.

 

Konserten opna med orgel og fiolin, organist Oddveig Helset Halle og Elisabet Husby. Dei framførte Henning Sommerros arrangement av Min sjel, lov Herren, ein folketone frå Stangvik og Bruramarsj frå Valsøyfjord arrangert av Bernt Gudmundson Bøe.

 

Det første musikarparet var Elisabet og Annbjørn Husby med fiolin og gitar. Dei er busette i Surnadal. Annbjørn underviser på Nordmøre Folkehøgskule, og Elisabet mellom anna i musikkskolen på Tingvoll.


Elisabet og Annbjørn Husby


Dei framførte tre melodiar av den argentinske komponisten Astor Piazzolla. Det var rolege, grasiøse og melodiøse tangoar og ein roleg vals med eit visst skandinavisk preg. Neste gong vonar vi at dei får med seg ein på bandeon eller på trekkspel.

 

Den andre avdelinga stod gruppa «Erle og Slaget» for. Erle Romundstad Mylius og Oddbjørn Sponås møttes på musikklina ved Trondheim Katedralskole, og har laga dette spesielle kyrkjeprosjektet med berre eigenproduserte låter for ein miniturné, mellom anna til Molde Domkyrkje og Vår Frue Kirke i Trondheim.

 

Vi fekk høre 8 innslag der den klare, lyse stemmen til Erle hadde hovudrolla.

 

Vi fekk mellom anna høre "Å leva det er å elska" på ein heilt ny måte, og vi trur aldri lyrikaren Olav H. Hauge hadde tenkt seg kjærleiksdiktet "Du var vinden" tonesett i slik drakt som vi fekk oppleve! Perkusjonisten Sponås sørga verkeleg for at vi kjente kjærleiksvinden.

 

Oddbjørn Sponås deltok med koring i tillegg til perkusjon, og Erle Romundstad Mylius stod først og fremst for det vokale, men ho trakterte også instrumenta kalimba, eit slags klimprebrett, og Ableton Push, som er eit elektronisk brett som gir store mulegheiter for leik med lyd på line med ein synth.

 

Vi fekk ei fin musikkalsk oppleving denne kvelden gjennom svært musikkalske utøvarar. Neste gong desse artistane inviterer til konsert, håper eg mange fleire tek turen for å oppleve dei.

 


Oddbjørn Sponås spelte Erle Romundstad ned frå galleriet med stortromma