Søndag
Søndag Delvis skyet
16°
Delvis skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Flau vind
tp_leserinnlegg

Digital kyrkje

Da alle kyrkjelege gudstenester og samlingar vart stengde, var det ei veldig god hjelp at NRK sende gudstenester på nett. Serleg takk for påskegudstenestene frå Tromsø som var svært vakre og innhaldsrike.

Rundt om i landet har det også vore arrangert sendingar frå dei lokale kyrkjene, noko som og var veldig verdifullt, sjølv om det aldri kunne erstatta å vera samla i Guds hus saman med kyrkjelyden vår og også få nattverd.

Vi håper og bed om at NRK vil halda fram med å senda gudstenester, ikkje berre på radio, men også på fjernsyn kvar søndag, og ikkje berre så lenge denne vonde pandemien varer, men også når den endeleg ein dag tek slutt, og vi som er friske kan samlast i kyrkjene.

For det er mykje isolasjon og einsemd elles også, mange som ikkje kjem seg til kyrkje på grunn av alder, helse, institusjon- og sjukehusopphald og andre forhold. Dessutan er det ikkje gudstenester i alle kyrkjer ut over landet kvar søndag.

Det har vore mykje fokus i media på alt som no blir borte og dei tap det inneber, først og fremst arbeidsliv og nasjonal økonomi, men også kulturelle arrangement, festivalar og spel, konsertar, restaurantliv (Oslofolk må til Bærum for å få seg ein øl), russefeiring med full fest og bråk, sportsarrangement, båt- og hytteliv.

Enno har eg ikkje høyrt eller sett eit einaste innslag om kva det betyr av tap for dei som ønskjer å gå til gudsteneste og kristelege møter, eller alle stemner og leirar og store generalforsamlingar i dei kristne organisasjonane som no er avlyst.

Det er eit veldig tap, også økonomisk, og vil på sikt berøra eit viktig arbeid mellom born og unge og ikkje minst det store internasjonale arbeid, ofte i fattige land, naudhjelp, utviklings- og bistandsarbeid, helsearbeid og skular.

Tru om dette blir kompensert av staten, slik som mykje anna?
 

Einy Rendal Elgsæther