Storflod Didrik Bøfjorden 2 Foto BB

Didrik Storflod i Bøfjorden

Riksmedia har vore veldig opptatt av stormen Didrik dei siste dagane. Frå Bøfjorden melder Bernt G. Bøe at dei har hatt besøk av Herr Didrik Storflod der også.

Bildet over:  Den høge vasstanden i Ilabukta har sett rekordmerke oppe på Geilnaust-døra.

Storflod Didrik Bøfjorden 1 Foto BB_690x472.jpg
- Av den karakteristiske Kobben ved Tuva-stranda til høgre var ikkje snurten å sjå! (Hjelmen i bakgrunnen)

- Han breidde seg ut så både skjera i Bøsundet og alle Kobb-skjera attmed Tuvån dukka und' sjyen, fortel Bernt. Dette er kjente plassar der ute, og vanlegvis godt synlege.

Bilda han tok er rett etter at han Didrik hadde reist (på "falland sjy"), så sjøen stod altså høgare like før. Det kan ein sjå på naustdøra (øverste bildet).

Didrik 02 Geilnaustet inni_690x454.jpg
Berre ein gong før kan Bernt hugse at sjøen gjekk over naustgolvet. Og onsdagens nivå ser ein på treverket.

- Likevel gjekk vatnet godt over golvet inne i Geil-naustet; noko eg kan hugse berre ein gong før i mitt liv, seier Bernt G. Bøe, som er 72 år. - Det var truleg ein gong på 50-talet.

- Godt at det ikkje var storm samtidig ... legg han til.

Didrik 03 Bøsundet_690x429.jpg
Normalt ruver skjergarden høgt her i Bøsundet – mellom anna som tilhaldsstad for flokkar av skarv. Men i dag vart fuglane heimlause. Her er sjøen på veg ned att, men vi ser enno berre antydning til høgaste skjeret litt til høgre på det mørke midtfeltet.

Didrik 04  Øraskjeret_690x452.jpg
Øraskjeret nede til venstre er normalt landsfast, og aldri omflødd som denne dagen.

Didrik 05 mot Saga_690x458.jpg
Godt at jollen var fortøygd! Og at Saga er tufta på fjell ...

Foto og bildetekster: Bernt G. Bøe