Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Flau vind
tp_leserinnlegg

Det skal bli lettare for eldre å få fornya førarkortet

Regjeringa vil gi eldre bilførarar ein enklare kvardag, og kjem med framlegg om at friske eldre skal sleppe belastande kognitive testar. Kva er så kognitive testar? I følgje Store norske leksikon heiter det at «kognitiv er det som har med erkjennelse, oppfatning og tenkning å gjøre».

Mange eldre har dei siste åra opplevd desse kognitive testane ved fornying av førarkort som aldersdiskriminerande. Eg har sjølv vore gjennom ein slik test, og kan godt tenkje meg kva reaksjon mange friske eldre vil ha på dei stilte spørsmåla. Dette er eit tema som har vore friskt diskutert der eldre bilførarar som skal fornye førarkortet har møttest. Mange er bekymra og har kvidd seg for å gjennomgå desse testane. Mitt syn er at friske, eldre bilførarar som ikkje syner teikn til kognitiv svikt, skal sleppe å gjennomføre unødvendige og belastande testar.

Det skal vere den einskilde bilførar sin helsetilstand og ikkje alder som skal vere grunnlaget for vurdering av den einskilde sin rett til å behalde førarkortet! Dette har og vore ei programfesta sak i Pensjonistforbundet sine handlingsplanar gjennom mange år.

Eg finn det både rett og rimeleg at både eldre og yngre må gi avkall på førarkortet sitt når helsetilstanden tilseier ei slik avgjerd. Men, alder i seg sjølv skal ikkje vere avgjerande for om ein skal få behalde førarkortet eller ikkje.

No ser det ut til at det skal ei endring på dagens regelverk. Vegdirektoratet og Helsedirektoratet rår nemleg til å heve aldersgrensa for helseattesten til 80 år. I dag må ein etter fylte 75 år gjennomgå helseundersøking hos lege. Oppfyller ein helsekrava, vil legen kunne gi vedkomande eldre bilførar helseattest med gyldighet inntil tre år. Etter fylte 78 år får ein helseattest for inntil to år.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) har sagt det slik i følgje bladet Pensjonisten nr. 2 av mars i år (s.12): «Eldre i dag er friskere enn tidligere, og de har lang erfaring med å kjøre bil. Regelverket må tilpasses til dagens situasjon, og aldersgrensen for helseattest foreslås hevet fra 75 til 80 år.» Statsråden uttalar at dei føreslegne endringane vil gi eldre bilførarar ein enklare kvardag, utan at det går på akkord med trafikktryggleiken. Det ligg «i korta» at Vegdirektoratet blir bede om å utarbeide og sende ut på høring naudsynte forskriftsendringar. Endringane vil kunne vere på plass allereie i løpet av våren 2019, seier Dale.

Vidare seier Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (FrP) det slik i følgje Pensjonisten: «Vi mener også at det er tilstrekkelig at helseattesten fornyes hvert tredje år. Dette er en betydelig forenkling for eldre bilførere, i tillegg til å frigjøre kapasitet hos fastlegene.»

Da er det berre å håpe at dei føreslegne endringane blir sett ut i livet snarast råd og at resultatet blir vellukka.

 

Johs. J. Vaag

Tips en venn Skriv ut