Picasa

Det går alltid eit tog

Dette var konklusjonen til ordførar Ola T. Heggen ved slutten av John Neergaardseminaret i Rindal torsdag kveld. Da hadde han frå stortingspolitikarane Helga Pedersen (Ap) og Heidi Greni (Sp) fått lovnad om at dei ikkje ville sette strek for frivillig kommunesamanslåing i 2016.

 

Temaet for dette kveldsseminaret var "Hva er lokaldemokrati for oss?  -  sett i lys av den kommende kommunereformen".

Miniseminaret hadde deltakarar frå Halsa, Surnadal, Rindal og Meldal, og Karstein Mauset understreka det interkommunale ved å framføre viser med tekster av både surnadals- og meldalsskrivarar til eigne melodiar, før Ola T. Heggem opna seminaret.

Sidan det var John Neergaardseminar, hørte det med ein presentasjon av innsatsen hans både lokalt og sentralt. Den var det Ragnhild Stavne Bolme som tok seg av på ein glimrande måte.

Ola T. Heggem karakteriserte kommunereforma som eit prestisjeprosjekt for den blå-blå regjeringa. Han kalla det eit hastverksarbeid. Sjølv var han meir interessert i å vidareutvikle norske lokalsamfunn. Han tykte svært viktige ting var uavklart før ei slik reform. Oppgavefordelinga mellom stat, fylke og kommune skulle vore klarlagt først.

Men han «vil ikkje sitte att inni Kvamma og vårrå den siste viking!»

Mykje er avhengig av kva som skjer ikring oss, sa han. Og det er viktig å høre på kva folket vil.

Onsdag vedtok Rindal kommunestyre å be rådmannen forberede ein søknad om overflytting til Sør Trøndelag fylke. Siste søknad vart sendt i 1947. Den kom det svar på i 1962. Tek det like lang tid denne gongen også?

Argument for større kommunar no er at tenestetilbodet ikkje vert godt nok i dei små kommunane. Dei som er imot bli avfeid med « at dei veit ikkje sitt eige beste.» Samfunnsutviklinga krev større einingar, heiter det. Men i eit samfunn der dugnadsånda framleis pustar, er mange gode prosjekt lett å gjennomføre.

Så må kommunane vere «bærekraftige.» Det skal bli lettare å halde styr på økonomien, vert det sagt. Men no er det byane som strevar mest med økonomien.

Til slutt: Lokaldemokratiet skal bli betre. Oppgaver skal flyttast frå statleg nivå i Oslo og ut til kommunane. Heggem var usikker på om det blir noko meir lokaldemokrati av større kommunar. Han forstår ikkje det argumentet.

Helga Pedersen er for ei kommunereform som gjev meir velferd og styrker lokaldemokratiet. Alle kommunar bør sette seg ned og sjå på situasjonen sin. Korleis greier vi å løyse dagens og framtidas oppgaver best.

Arbeidarpartiet har tillit til at folk lokalt veit sitt eige beste. Samanslåing av kommunar må som hovudregel vere frivillig. I storbystrøk kan det bli nødvendig med styring. Det blir feil å sette opp eit tal på innbyggarar som mål for nye kommunar. Ho var glad for at regjeringa også har gått bort frå det.

Arbeidarpartiet oppfattar regjeringa slik at kommunane no skal sjå seg rundt og finne ein venn. Finn dei ingen, så vil regjeringa finne ein. Hurtigsvarpremie gjeld ut 2016.

Det er viktig å bruke tid i denne prosessen, meiner Pedersen. 2016 kjem fort. Det var tydeleg at finnmarkspolitikaren var særleg skeptisk til farten på prosessen, men også til formålet med å lage større kommunar.

Høgre gjekk til valg på at fylkeskommunen skulle avviklast. Det har dei godt bort frå, men dei har forslag på å ta bort mange sentrale oppgaver. Arbeidarpartiet ønsker at fylkesnivået skal bestå.

Helga Pedersen meinte at dei vidaregåande skolane er nok til å halde på eit fylkesnivå. Det er mesta utenkeleg at vgs skal organiserast kommunalt. Det vil bli litt av eit byråkrati med gjesteelevar på kryss og tvers over kommunegrensene for elevar og lærlingar. Dette fekk ho full støtte for av Heidi Greni seinare. Ho meinte det ville vere ei katastrofe. Storkommunane ville tappe distrikta for ungdom og dei små yrkesfaglege skolane ville ikkje klare seg.

Skal lokaldemokratiet leve, så må kommunen vere stor nok til at ein klarer å stille liste for meir enn eitt parti i gongen, meinte Pedersen. På den andre sida må ikkje avstandane vere for store. Politikk handlar om tillit og engasjement. Vi må ikkje organisere oss bort frå det.

«Om du legg to lik i ei kiste, blir det ikkje meir liv av det», hadde ho høyrt som kommentar til kommunesamanslåing på Hedemarken.

Regjeringa trur ikkje folk veit sitt eige beste, sa Heidi Greni. Slik var øvrigheita på John Neergaards tid også. Regjeringa åtvarar fylkesmennene mot å tilrå folkeavstemmingar.

Senterpartiet vil ha sterkt lokalt sjølvstyre. Det er også den globale løysinga, sa Greni, og presiserte at Senterpartiet er mot både EU og EØS. Det er ikkje til beste for lokaldemokratiet at vi blir styret av EU-direktiv.

Den offentlege tenesteproduksjonen skal skje på lågast muleg nivå. Regjeringas opplegg tyder på ønske om meir sentralisering. - Ingen skal fortelle meg at kommunestruktur ikkje har noko å seie for busettinga, sa ho.

Ho var også skeptisk til økonomien i denne prosessen, men verst går det ut over lokaldemokratiet. Kor mykje av lokaldemokratiet vil politikarane ofre for effektiviteten?

Senterpartiet går inn for frivillig kommunesamanslåing og er svært usikker på kor sterkt frivilligheita står i regjeringa sine planar. Regjeringsbegrepet «frivillig tvang» skræmer. Kan dei da kalle det ei demokratireform, slik dei gjer?

Ho håpa at ingen kommune ville føle seg tvinga til hastevedtak om samanslåing for å unngå tvangssamanslåing.

Til slutt appellerte ho til publikum om hjelp til å få ei annan samansetting av Stortinget ved neste valg.

Karstein Mauset var ikkje snauare enn at han slo til med ei politisk viseavdeling. Først framførte han Hyllbakkteksta «Elva», ei mollstemt hylling til elva før utbygginga. Så var han surndaling og møring, « - stænmøring,» sa han, og framførte Hyllbakks Nordmørsminne!

John Ole Aspli (Ap, Rindal) var bekymra for et dalande politisk engasjement. Trur det er nødvendig med endringar for å få opp engasjementet. Endring gir muligheiter.

Ola Rognskog (Sp, Halsa) var bekymra for at dei var få, men han meinte dei hadde det godt i Halsa.

Eivind Hasle (SV, Surnadal) ville følt seg tryggare med raudgrøn styring av ei kommunereform. Meinte at kortversjonen av situasjonen etter kommunereforma i Danmark var at byråkratiet hadde vakse på bekostning av demokratiet. Han støtta klart dei som meinte at det ville vere øydeleggande for vgs om den skulle bli kommunal.

Bernt Venås (Sp, Surnadal) Lurte på kor mange rindalingar det hadde vore om kommunen hadde vorte samanslått med Surnadal i 1964. Han minte også om at sentralisering kosta. Utbygging og transport i tettbygde sentrale strøk kosta mykje. Så stilte han spørsmål til Arbeidarpartiet om dei garanterte for at småkommunetilskottet ville halde fram? Det svara Helga Pedersen at Arbeidarpartiet ville behalde.

Helge Ringli (Frp, Meldal) vareinaste talar frå «blåsida». Han hausta stor det han sa om verdien av jordbruket. - Vi må ha matproduksjon i bygdene våre, for snart vil kanskje dei andre landa behalde maten sin sjølv. Elles såg han på denne kommunereformen som krevande og spennande, men meinte at den gikk i fortaste laget midt i svært hardt og vanskeleg budsjettarbeid.

 Tekst/foto: OleT