Margrethe Svinvik foto Ragne Borge Lysaker

Den stille veka

Vi er no inne i det som blir kalla den stille veka. I år er det ikkje berre ettertanken som utgjer stillheita. Den stille veka har fått ei dobbel betydning ved at heile samfunnet er stille, dei normale aktivitetane inn mot påskehelga er avlyste i kampen mot koronaviruset. 

Dette er krevjande for kvar og ein av oss. Vi må finne oss i å leve med usikkerheit, vi veit ikkje korleis dette går. Vi veit ikkje når dette endar. Det vi derimot veit, er at tiltaka vi enkeltvis og som samfunn har gjennomført den siste tida, har virka. Vi veit også at på eit tidspunkt må vi opne opp att skular, barnehagar og arbeidsplassar, men at vi truleg må leve med ulike restriksjonar i lang tid framover.

Eg blir både glad og stolt av å sjå alle som bidrar til at vi skal komme oss gjennom dette. Eg vil spesielt trekkje fram at det er den enkelte sin innsats med å følgje reglane for hygiene og sosial omgang, som har størst effekt. Så er det arbeidsplassar som er stengte, arbeidstakarar som er permitterte, næringsliv og offentlege tenester som gjer store endringar for å tilpasse seg den nye kvardagen, og atter andre som må halde hjula i gang innan helse, transport, landbruk, osv.

Det er mange som betaler ein høg pris. Vi kan kjenne på konsekvensane av å vere borte frå våre næraste, nokon får ikkje den omsorga dei treng i heimen, og mange har fått ei økonomisk byrde i denne tida. Det å kjenne på frykt for smitte, både no og framover viss fleire må tilbake på arbeid, er også noko vi må lære oss å leve med.

Som ordførar ønskjer eg å representere alle Surndalingar på best muleg måte og eg forsøker å lytte til alle for vite kvar skoen trykkjer og korleis eg kan vere til hjelp. I denne tida står vi ovanfor tøffe tak alle saman. Å leie kommunen gjennom dagane som kjem gjer eg i vissheit om at vi alle løftar i lag og gjer det beste for kvarandre. Vi skal vere stolte av den jobben som er gjort så langt i Surnadal, og så lærer vi kvar dag! Fellesskapet og dugnadsinnsatsen vi ser i denne krisa er det som gjev mot til å stå på vidare og er godt å tenkje på i denne stille veka.

Ta vare på kvarandre – saman er vi sterke!

Eg vil med dette ønskje alle saman ei riktig god påske.

 

Margrethe Svinvik

Ordførar i Surnadal kommune

 

Foto: Ragne Borge Lysaker