SAM_3998

Rindal Pensjonistlag på tur

Den Gyldne Omvei

Torsdag 15. juni var 43 rindalingar på tur med Rindal Pensjonistlag til Inderøy med Den Gyldne Omvei. Den faste sjåføren Kjell Bråten stilte opp no og.

Første stopp var på Hell for litt mat for dei som ønskte det. Så bar det til Inderøy og garden Verdal Østre med gardsbutikken Gulburet. Der fekk vi kjøpe lokal mat både til å nyte på staden og ta med heim. Vi kosa oss ute på tunet i godveret før vi fekk litt orientering om garden av husfrua.
 

20170615_132324.jpg
Triveleg  stund ved Gulburet.

20170615_134122.jpg
Husfrua fortel om garden.


Neste stopp var på Gangstad Gardsysteri som ligg nord på Inderøy. Her kunne vi og slå oss ned på eit fint gardstun. Vi fekk smaksprøver av ost med tilbehør, og så var det  berre å velje kva ein ville kjøpe med seg heim eller ete på staden.
 

20170615_145405.jpg
Gangstad Gardsysteri ligg på eit fint gardstun.


Etter å ha køyrt heile omvegen, var vi attende på idylliske Straumen. Her var det fint å rusle omkring. Kunstnaren Nils Aas var derifrå, og mange av verka hans finst i Nils Aas kunstverksted. No var det og bilde av Håkon Bleken der. Somme av oss var innom der, medan andre gjekk på butikkar. Det var og fleire skulpturar av Nils Aas å sjå i den fine Muustrøparken. Ein ekstra spiss på turen var at Randi og Ivar Kimo stilte opp som «kjentmenn» på Straumen. Dei bur  der no, når dei ikkje er i Lomunddalen.
 

IMG_0259.jpg
Nils Aas sin kjente vedstabel i kunstverkstedet.

SAM_3996.jpg
«Due og Dødens Ø» av Håkon Bleken

20170615_160053.jpg
Nils Aas sin skulptur «Flyndre» i Muustrøparken


Dagen på Inderøy vart avslutta med middag på Jægtvolden Fjordhotell.
 

SAM_3998.jpg
Heile gruppa samla ved Jægtvolden Fjordhotell.

 

Tekst: Ann Grimsmo. Foto: Helene Marie Nergård og Ann Grimsmo