DSC_0054

Den 16. Kløvvegmarsjen i flott marsj-ver

Komitèen opererer som det vart sagt ved start, kun i cyber-space. Det vil seie at når datoen for marsj nærmar seg blir det sendt ut ein felles SMS med spørsmål om alle er i form. Og så gjer folk det dei brukar å gjere før og under marsjen. Men til tross for at det er tradisjonar ein er oppteken av, så vil komiteen svært gjerne få med nye folk.

Det store spenningsmomentet kvart år er veret, og om det kjem folk. Det etterlengta regnet kom når dei aller fleste var kome til seters og under tak. Og jammen kom det folk både til hest og til fots. Over tretti små og store gjekk kløvvegen og tre hestar vart med når Nils Røv leda an og fortalte undervegs. Gøril Åse Solheim og Anders Sæther Moen hadde tre hestar med der to var ridehestar og den tredje bar kløv. Den yngste som gjekk turen var visst kun fire år, og den eldste omtrent åtti år meir. Dette er ingen liten tur, så det er rett og slett imponerande!

På Røsta var Lene Søyset og Silje Mari Husby oppmøtt med eit heilt menasjeri. Vi fekk helse på lamaer, kaninar, ponniar og plutseleg marsjerte også to høner forbi. Ponnien Alvin kjem rett frå NM i kjøring, der han gjorde sine saker veldig bra og vart, ikkje overraskande, publikum sin favoritt. Silje har skaffa ein ponni til, prikk lik Alvin, og no trenar dei på kjøring i to-spann. Lene har planer om å skaffe kløv til lamaene, og den som blir med på neste års marsj blir kanskje passert av Kåre og Olaf med «bæremeis».

Det er sikkert fleire som har møtt to fine ridehestar i dalen i sommar, og i dag fekk Røsta eit hyggeleg besøk av ryttarane. Dei tok sporty oppfordringa om å stille på barneriding saman med ponniane.

Larsens kvartett spela fengande tradisjonsmusikk med Henrik Moen på munnspel på eit par nummer. Nils Røv fekk så vidt parkert den grå ryggsekkjen før han tok opp munnspelet og vart med kvartetten på eit vakkert avslutningsnummer.

Det var nok godt over hundre innom setra denne fine dagen. Og komiteen vil takke alle som var med og gjekk og med det held denne gamle stien i live, og alle dei andre som kjem og skaper trivsel på setra. Og tradisjonen tro vil det nok bli ny marsj første helga august neste år også. Men kløv-lama blir nok ei ny, spennande oppleving!

DSC_0035.JPG

DSC_0038.JPG

DSC_0040.JPG

DSC_0042.JPG

DSC_0047.JPG

DSC_0050.JPG

Tekst og foto: Tove Mogstad