Picasa

Dagens preike

Gudsteneste Eldresenteret 20.09.15.
 

Preketekst Luk.7,11-17:

Kort tid etter ga Jesus seg på vei til en by som heter Nain. Disiplene og en stor folkemengde dro sammen med ham. Da han nærmet seg byporten, ble en død båret ut til graven. Han var sin mors eneste sønn, og hun var enke. Sammen med henne kom et stort følge fra byen. Da Herren fikk se enken, fikk han inderlig medfølelse med henne og sa: «Gråt ikke!» Så gikk han bort og la hånden på båren. De som bar den, stanset, og han sa: «Du unge mann, jeg sier deg: Stå opp!» Da satte den døde seg opp og begynte å tale, og Jesus ga ham til moren. Alle ble grepet av ærefrykt, og de lovpriste Gud. «En stor profet er oppreist blant oss», sa de, «Gud har gjestet sitt folk.» Dette ordet om ham spredte seg i hele Judea og området omkring.

Eg er ganske sikker på at alle som er her hugsar godt den fyrste gongen dei var i begravelse. Slike ting er kva ein kallar for skjellsetjande, det fester seg og sit der som eit vondt mareritt eller som eit vemodig minne. Det er så mange måtar å oppleva død og sorg på - .

Eg var i ei gravferd eg seint vil gløyme. Enka stod der ved kista til mannen sin og sa det så tydeleg: Døden er brutal.

Me kunne ikkje vore meir enige. Døden er brutal. Døden er opprivande. Det som var ein relasjon, blir i døden til eit minne. Kostbart og verdifullt, men like fullt: Relasjonen får ikkje utvikla seg meir. Det blir med det som var.

Her står Jesus. Han kjem til byen Nain. Og Jesus kjem så menn ikkje åleine heller: Disiplane og ei stor folkemengde dreg i lag med han. Og så skjer dette som er så rart, eit samantreff som neppe kan vera tilfeldig: Jesus og hans fylgje kjem på kollisjonskurs til eit anna fylgje, eit gravfylgje.

Vanleg folkeskikk tilseier at når me møter eit gravfylgje, så skal me stanse, ta av lua og stå aldeles stille i respekt inntil gravfylgjet har passert.

Men så er det noko som er spesielt her i forteljinga: Det er ei mor i fylgjet. Mannen hennar er død, så ho er enke. Guten hennar er den einaste sonen hennar, og då forstår me at han var den einaste som kunne forsørge mor si og ta seg av henne. No har ho mista einaste sonen sin og framtida si med han.

Jesus ser kallet sitt der han er på kollisjonskurs med gravfylgjet: Han forstyrrer dei! Han blir gripen av medfølelse, rettare sagt ein inderleg medfølelse. 

Og dermed gjer han sitt for at gravfylgjet må stanse, stusse, slite med å forstå, og så juble og takke Gud for liv og under.

Det blir vel bokstaveleg talt så døden me vike for Gudsrikets krefter. Kjem døden på kollisjonskurs med livet, så blir døden den tapande part. Det er livet som vinn.

Kva framtid var det snakk om etter denne hendinga? Mor får framtida si sikra gjennom sonen som blir vekt opp frå døden. Og dette er kanskje det minste. For kva skjer vel ikkje med folk som er med, som er medsyrgjande i gravfylgjet:

Dei vart gripne av ærefrykt og dei lovpriste Gud. Så var det sagt og høyrt noko om at ein stor profet var oppreist blant dei. Dette måtte vera teiknet på at Gud hadde gjesta folket sitt.

Me har høyrt forteljinga jamnt sidan småskulen. Me har høyrt kva som skjedde, og syns det er ei flott forteljing. Det vart nytt liv att på guten, og mor hans fekk han gitt seg for andre gong. Fyrste gong ved fødselen. Andre gong oppreist frå ei likbåre på veg til grava.

Seinare vart det nok gravfylgje både for mor og son. Ikkje så lenge etter at dette hendte, vart det eit gravfylgje for Jesus.

Sjølv om han hadde reist opp både enkas son og Lasarus frå døden aldri så mykje. Sjølv om han var teiknet på at Gud har gjesta folket sitt. Han kom ikkje unna sjølv heller, - fordi han ikkje ville. Jesus var bestemt på å vera mellom folk på jorda. Han var bestemt på å vera Gud mellom oss. Han var bestemt på å døy for vår skuld for å gje oss livet gjennom sin død.

Me kan ha vanskeleg for å forstå det og tungt for å tru det. Men likevel står det der som det einaste håpet me har fått, - dette ordet om soning for skuld og oppstandelse i ei ny verd. Eg trur ikkje me gjer noko gale om me gler oss til den nye verda utan død, sorg eller smerte. Eller i det minste trøyste oss med tanken når døden, saknet og sorga knugar oss.

Og inntil då får må lene oss både i kropp og tanke, sjel og ande til det Jesus seier om seg sjølv:

Eg er oppstandelsen og livet. Den som tror på meg, skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. (Joh. 11,25f.)

Døden er brutal, opprivande, uforsonleg. Det vil eg meine Jesus veit alt om. Han som òg veit alt om framtida han har laga for oss i sitt rike. Gud velsigne vår utgang og vår inngang frå no og til evig tid. Amen.