Picasa

Dagens preike

Her er dagens preike, Matt 25, 14-30 fra gudstjenesten i Rindal kirke. Med i gudstjenesten var de nyinnskrevne konfirmantene som skal konfirmeres våren 2015, dåpsbarnet Storm Løset Fosseide med foreldre og faddere, og de som konfirmerte seg den 5. juli for 50 år siden.

Bildet over: Dagens dåpsbarn, Storm Løset Fosseide, med foreldre og faddere.


De som ble konfirmerte den 5. juli for 50 år siden.


Her er de nyinnskrevne konfirmantene som skal konfirmeres våren 2015.

Dagens preike: Matt 25,14-30

Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje éin talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut av landet.
 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han med to gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane frå herren sin.
Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’ Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’ ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’
Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’ Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.’

Når har me det best? Kan det vera når me er så glade og så stolte at det ikkje kunne falle oss inn å leggja band på oss for å syne det med heile oss? Lat folk få meine og seia kva dei vil, no er eg berre hoppande glad, no er det berre å blotte alt som finst av glede og sole seg i glansen av ... gjerne dette store som er så mykje større enn oss sjølve.

Som for eksempel eit lite barn. Eit stort under av ein baby som får alle tidlegare oppturar til å falme. Dette barnet som er det største me har opplevd og det kjæraste me har fått. Kva godt skal me gjera?

Me gjev barnet det beste me fekk sjølve. Det kan vera verdiar i form av byssing og det finaste babytøy, tollekniv eller pengar på bok eller kva det skulle vera. Og kanskje ligg det som ein erkjennelse i oss at det beste me sjølve fekk var ein tur til kyrkje og døypefont. Så får underet skje mens me både ser og høyrer det same som folk har sett og høyrt nesten like lenge me har hatt tidsrekning. Men forstår me? Begrip me?

Same kan det vera. Intellektuelt sett er det godt mogeleg å forklare kva som skjer i dåpen. Me vart døypt til Jesu død og når me er ferdig døypt så lever me eit nytt liv der Jesu oppstandelse frå døden er premisset og grunnlaget. Gud bevare din utgang og din inngang fra nå og til evig tid.

Jausåmenn og amen. Men funka det? Vart det så det fekk sige inn i oss dette at me er elska med livet til han Jesus bror vår som innsats? De som er 50-års konfirmantar har hatt god tid til å tenkja over og fordøye kunnskapen om kristen tru slik de vart undervist tidleg på 60-talet.

Konfirmantane av i år skal inn i det me håpar kan vera ein modningsprossess der de både kan forstå og føle at de høyrer heime i det som blir kalla Guds kyrkje på jorda.

Eg kjenner veldig på eit ansvar som konfirmantprest og til tider kan oppgåva kjennast for stor. Vil eg klare å fortelja dykk at Jesus er stor? Vil eg klare å formidle at Jesus er god og vil vel? Har eg forstått det sjølv, forresten??!

Han Jesus er så mangslungen, er han. Og spesielt utfordrande blir han nok overfor oss som så lett legg prestisje i intellekt og god smak, forbruk på bekostning av natur og miljø og born me er stolte av. For kva seier vel ikkje Jesus til oss som er akkurat som folk flest: Me må bli som barn for å ta imot Guds rike.

Så då kan det gjerne vera at Storm skal vera vårt forbilde i dag. Denne vesle guten av ein baby som ikkje forstår at han nettopp har vore med på sitt livs største hending.

Har eg lese teksten for aldri å vende tilbake? Det kan så vera. Eg likte ikkje slutten på historia, gjorde eg ikkje. Eg likar ikkje å snakke om gråt og det dei i gamal tid kalte for tenners gnissel. Eg likar heller ikkje tanken på stakkaren som ikkje gjorde noko verre enn å grava ned talentet han hadde fått ansvar for. Ein talent tilsvarte 30 kg edelmetall til ein svimlande verdi. Det trengtest nok ganske stort hol i bakken for å få grave ned ein talent. Og så lenge den ligg i bakken, gjer den lite og ingen nytte for seg. Vore det endå til såpotet det var snakk om?!

Det var igrunn synd at talenten vart grave ned og ikkje fekk gjera nokon nytte. Det er igrunn synd at all den Guds kjærleik me blir omfavna med frå vogge til grav ikkje blir meir verdsett i samfunnet og samtida. For tenk kor mykje glede, fred og kjærleik Gud auser over oss dag for dag, berre me ser det. Berre me tek det til oss. Berre me lever i det så me veit oss elska over einkvar forstand.

Når har me det best? Kan det vera når me er så glade og så stolte at det ikkje kunne falle oss inn å leggja band på oss for å syne det med heile oss? Lat folk få meine og seia kva dei vil, no er eg berre hoppande glad, no er det berre å blotte alt som finst av glede og sole seg i glansen av ... gjerne dette store som er så mykje større enn oss sjølve. Amen.