Rindal kapell vinter

Dagens preike i Øvre Rindal kapell

Lene Gåsvatn har sendt oss preika ho heldt i Øvre Rindal kapell i dag. Preiketeksta er Jes 43, 16-21. Les preika her.

Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet,
 som førte vogner og hestar,
 
hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande og reiste seg aldri,

dei slokna som når ein veike blir sløkt.

De skal ikkje minnast dei første ting,

ikkje tenkja på det som hende før.


Sjå, eg gjer noko nytt. 
No spirer det fram.

Merkar de det ikkje?


Ja, eg legg veg i ørkenen,
elvar i øydemarka.

Ville dyr skal æra meg,
sjakalar og strutsar.
 
For eg gjev vatn i ørkenen
 og elvar i øydemarka

så mitt utvalde folk kan få drikka.

Mitt folk, som eg har forma,
skal forkynna min pris.
   

___________________________________________


Når eg skulle lesa, skrive og arbeide med dette stykket av Jesaia, synest det meir og meir som eit bombardement av velsignelse. Det er så spruten står i kraft og energi! Jau, noko vasstrykk må det jo bli når Herren forsyner folket sitt med både bekkjar og elver for å få stilt tørsten. Men her er det så enormt.

At det er vanskeleg å vera Guds folk, er ikkje noko nytt. Kor lenge Guds folk har vore utrydningstrua, den gong som hebrearar og Israelittar og no som jødar, veit eg ikkje.

Jesaia, eller Deutrojesaia som han blir kalla frå kapittel 40 i Jesaiaboka, forkynner så overmetta av mot og trøyst, av ny styrke og ny lovsong. Det blir allereide, det nye som skjer. Merkar de det ikkje? Han er allereide på tur, den nye våren. Har de ikkje sett det?

Jau, dei merka det nok. Guds folk hadde vore deportert, og me kan endå til lesa om korleis dei sat ved elvane i Babylon og gret. Den heilage byen hadde vorte øydelagt. Det har skjedd så mykje som berre var til å miste motet av. Inntil ein godhjarta herskar, Kyros, kjem til makta og legg under seg heile Lilleasia og endå til Babylon, Guds folk inklusive, i år 539 før Kristus.

Året etter vart det sendt ut eit skriv frå Kyros med beskjed om at alle deporterte folk skulle få reise heim. Den såkalla Kyros-sylinderen er endå til bevart i Britisk Museum. Ei ekstra forordning var laga til Guds folk spesielt: De skal få reise heim som alle andre. Dessutan skal de få bygge opp att templet. De skal få ta med dykk heim dei heilage kara som høyrer templet til.

Me må gjerne merke oss kva denne gode herskaren heiter: Kyros. Det ligg ganske nært Kristus både i navn og i gjerning.

No har Kyros makta. Han tillett det som før var forbode. Han let Guds folk leva i fred med sitt, både kva kvardag og religion angår.

Og no står han der, han Jesaia den andre. Han talar om det som skjer. Me merkar oss kva type øverste autoritet han syner til: Det er han som hjalp oss sist! Det er han som kalla oss i kjærleik, han som førte oss beint gjennom havet, han som gjordet det slik at fiendane våre berre vart til ei veike som ganske enkelt lot seg blåse ut.

Gud er sjølv han som hjalp folket sitt den gongen. Og er det noko Gud aldri gløymer, så er det begrunnelsen han har for at eit folk skal kallast hans: Ikkje er dei store og mektige. Ikkje er dei spesielt lydige og lydhøyre, heller. Men dei er elska av Gud. Difor er dei Guds folk.

Eg er blant dei som syns at valgkampane kjem vèl ofte. Og eg syns mykje av det som blir sagt er både meiningslaust og fordummande. Ord som robust og bærekraft har slutta å fungere for lenge sidan.

Me må heller sjå til kva som skjer mellom valgkampane. Kva skjer no? Kva er praktisk politikk? Er det tilfelle at dei blå-blå sel landet vårt og gjer det vanskelegare å vera fattig? Går det an å kalle tonnevis av slam i Førdesfjorden for naturvenleg? Og for å gå endå nærare tida vår og sakene me er opptekne av: Onsdag er det folkemøte på Skogsletta der saka er skulestruktur. For mange er utslaget av den prossessen langt viktigare enn ordvalget i eit partiprogram – i den grad me tok oss tid til å lesa.

Men ikkje for det, - me må gjerne vera både takksame og audmjuke for styresett og demokrati som inviterer til engasjement og meiningsbryting. Me er vel blant dei få heldige – og me må gjerne vera oss bevisst akkurat det når me vil klage på politikken og bera oss over dei som styrer.

Men også politikk er noko som ikkje skal vare ved. Menneskemakt skal ikkje vare. Korrupsjon og urett skal ikkje få siste ordet. Ei heller ting og all forurensing det blir av trongen vår til stadig å ha meir, større, betre og endå meir. Det skal bli slutt.

Jesaia den andre peikar på det nye som allereide er på gang så tidleg som i Kyros si tid. Det skjer, det spirer, ser de det ikkje?

Det er ikkje sikkert me ser det umiddelbart.

Fyrst må me få stengt av facebook og VG, me må få betalt rekningane, me må få planlagt neste ferie kun begrensa av våre eigne prioriteringar og vår eiga lommebok, og så må me få kjøpt oss meir ting og skaffa oss meir informasjon og ... og slik går no dagane. Og blir til veker. Og blir til år. Og blir til eit heilt liv som var ... - .

Eller skal me bryte av for alt som vil ha oss underlagt som om me var slavar for både det eine og det andre. Kanskje skulle me sjå etter dette nye som spirar fram og som me gjerne kan merke oss:

Det er noko som står, noko som blir, noko som er alt me kjem ut av og skal til: Guds kjærleik til oss.

Den gong var det Guds kjærleik til folket hans, vist gjennom Kyros og hans milde styresett.

No er det Guds kjærleik til alle folk, vist gjennom Kristus og forkynt med ord og sakrament. Det kan vera spirekrafta syner seg på dei mest utrulege stader: I tankane våre, i orda me bruker, i oppmerksomheita me gir attende til han som gav oss alt, så me er og blir oss bevisst å vera folket Gud forma. Kva som så skjer, er å forkynne pris og ære til Han som vil oss vel. Det var neppe for tidleg.