Fahrenheit_350x499

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

Da Fahrenheit fekk opp temperaturen...

Trollheimsporten presenterer utdrag frå plekterfesten.no - ei side om det nordmørske musikklivet. Her er Fahrenheit, Valsøyfjord-bandet som vart starta i 1977 og heldt det gåande til 1984, og som opp gjennom åra også hadde med fleire surnadalingar i besetninga.

Første utgåve av Fahrenheit besto av Einar Botten (sang/trommer), Egil Enge (sang/gitar), Rolf Jarle Guldbrandsen (sang/bass) og Marvid Nilsen (sang/gitar).

Tore Fjærli bytta med Rolf Jarle etter kort tid. Tore og Egil vart med fram til sommaren 1978. Jostein Dønheim (sang/bass) og Ole Magne Ansnes (sang/gitar/keyboard) vart "headhunta", nytt repertoar vart øvd inn og Fahrenheit var på vegen igjen hausten -78. Da Einar vart innkalla til militærtjeneste, tok Helge Nilsen Wesche over på trommer.

I 1980 vart det store omveltingar i Fahrenheit. Ole Magne og Helge slutta og Lars Fiske (keyboards), Arve Jensen (sang/gitar) og Jan Arve Vassvik (sang/trommer) byrja. Lars vart kort tid seinare profesjonell musikar og Fahrenheit var igjen ein kvartet. I 1981 var gruppa i Viking Studio i Øksendal for å spele inn "Ta meg med" av Olav Stedje til TK-kassetten.

Fahrenheit vart oppløyst i 1984, men på gjenforeiningskonserten Plekterfesten i 2007 møtte nesten alle dei tidlagare musikarane i bandet opp.

På plekterfesten.no kan du høyre Fahrenheit sin versjon av "Ta meg med" samt sjå fleire bilder av bandet. Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.

På bildet, frå venstre: Egil Enge, Rolf Jarle Gulbrandsen, Marvid Nilsen og Einar Botten.