IMG_9928-002

Krigshistorisk vandring på Øye

Laurdag 14. september tok Indre Nordmøre Forsvarsforening og initiativtakar Øyvind Holte oppatt suksessen frå 2017. Omlag 70 menneske trossa regnvéret, og tok turen innom Surnadal vidaregåande skule for å høyra på lokal historie.

Vi har synlege spor etter leiren på Øye. Det er viktig å bevara dei, fortel Eivind Hasle. Viss ikkje vi er bevisst på kva vi ønskjer å ta vare på, gror det lett ned eller blir øydelagd.

Og det er ikkje småtteri, det som blei bygd. Det blei nemnt blant anna flyplassen på Lade, og at kalkverket på Glærum vart ferdig omtrent akkurat til krigens slutt, noko som gjorde at dei kunne drive så stort.

20190914_112517.jpg

Sjur Fedje viste bilete frå ulike krigsminner i Surnadal, som bunkersen ved kyrkjekontoret på Skei, og ein bunkers ved Heggset/Nymoen som få veit om.

Det blei vist fram etterretningskart (britisk spionkart) frå 1944, med piggtrådgjerde og minefelt.

Gullaug Lereim Dybdahl, Paul og Inggard Lereim er 3 av 5 søsken som vaks opp i prestegarden på Øye i krigstida, der far deira var prest. Dei flytta i 1952, men Surnadal har satt sine spor. Paul fortel at han er veldig glad for å vere tilbake. –Det finst ikkje finare bygd enn Surnadal, sa han. Her er det nymåla hus og velstelte hagar.

Dei tre søskena fortalte om korleis det var å ha ein barndom med tyske soldatar både buande på loftet, og det å møte soldatar dagleg. Dei hadde veldig fine hestar med fletter og pannelugg. Det var eit staseleg syn.

Paul fortalte om ein – på tross av krigen – lukkeleg barndom, med førsteklasses foreldre, og fine dagar i prestegarden saman med naboborna.

Tyskerne dreiv med skytetrening, og svære granatar kom som ildkuler over taket. Etterpå kunne dei plukke restar etter desse. Han avsluttar med: -Det var ingen fare med oss.

Gullaug blei fødd i mai 1940. Ho fortel om mor si som sa på kvar hennar bursdag, at ho blei fødd mens tyske bombefly flaug gjennom dalen.

Ho hugsar barndommen med humor og glede, men at skuggen av krig låg over dei. Ein mørk kveld blei faren henta for å bli sendt i fengsel på Helgøya, etter han prøvde å halde ei lita gudsteneste.

Ein annan gong då ho og ei til skulle til leikestova deira, kom ein tysk soldat med pistol. Han vifta dei forsiktig inn. Dei skjønte det var skyting igjen.

Etter krigen var over, fór dei rundt omkring og såg på det som var bygd opp på Øye-området. Gullaug fortel om dei nydelege veggmåleria i matbrakka, og om kinosalen – noko som var framandt i Surnadal i desse tider. Ho hugsar godt dei mørke, svarte teppa.
– Det var eigentleg ganske skummelt, legg ho til.

Inggard fortel om medmenneskelegheit og varme frå soldatar frå båe sidene. Kvar dag såg han hestar med vogner. Soldatane var veldig snill med oss borna, og vi hadde eit godt forhold med «rammelvognene», som vi sa.

Då krigen var slutt, kom det engelske soldatar til dei. Han fekk sin første sjokolade – kol-svart blokksjokolade. Sjølv om han da var berre ein liten pjokk, har han dette friskt i minnet - det er noko som gav inntrykk.

IMG_9944.JPG
Initiativtakar Øyvind Holte var godt fornøgd med oppmøtet.

Øye-området høyrer til heimgarden til Øyvind Holte. Han har dei siste åra hatt vandring med skuleelevar og orientert dei om krigsminna som ligg rett ved skulen deira. Det er spanande å få fortalt historia på denne måten for elevane.

IMG_9950.JPG                     

I dag er det lite som minner om krigsleiren når ein kjem til Øye stadion og skuleområdet, så mange kan bli særs overraska over historia plassen ber på. I denne svingen var det ei latrine i krigens dagar.

Heile området er ei botnlaus myr, for så vidt hermetisert, som Øyvind Holte beskreiv det. Det gjer at det kan vere mange skjulte gjenstandar under bakken, som held seg bra.

IMG_9956.JPG

Her er det mange gjenstandar frå krigen. Stolen tilhøyrte kommandanten i leiren på Øye. Her er det Svein Tjelle (til høgre) og Gudmund Olver Svendsli som studerer varene.

IMG_9964.JPG

IMG_9960 (1).JPG

IMG_9943.JPG
Eskil, Eskil og Per Arne

Eskil Andersen og Eskil Aarnes Øverland er ivrige med metalldetektor, og har funne og samla mange gjenstandar. Her står dei saman med Per Arne Gjengstø som samler på dokument, bilder og utstyr frå krigen, både norske og tyske.

IMG_9928-1.JPG

IMG_9931-1.JPG

Dette er murane etter matbrakka. I forbindelse med freden blei det arrangert dans der. Det mange av oss kjenner som «Folkets hus» på Bøvra, er nettopp denne brakka som blei flytta i 1946.

Elles var det blant anna kommandantbolig, fengsel, kinosal (flytta til Trudvang), sykebrakke med likhus, slakteri og vaskebrakker i leiren.

Leiren på Øye var ein kvileleir for soldatar. Dei kom hit for å «kom se te ætt», som Holte sa, før dei vart sendt vidare. Mor hans har fortalt han at ein soldat som budde på loftet, gret ein morgon. Han hadde fått brev om at han skulle bli sendt til Østfronten. Det var den sikre død.

Fem år går for mange fort, men dei fem krigsåra har satt sine spor.

IMG_9947.JPG
Gullaug Lereim Dybdahl

Det pratast om krigen som aldri tek slutt, men som Gullaug sa: - Krigen må slutte, men vi har minnene med oss.

Tekst/foto: Gunn Elin Røen.