sykkelkonkurranse foto Toldalen

«Sikker på sykkel» i regi NAF

Dei siste vekene har det på fleire av skulane i rundt om vore fokus på trygg og sikker ferdsel på sykkel i regi av NAF. NAF sitt mannskap har vore ute på skulane med eit opplæringsopplegg, der ungane skal lære seg å ferdast ute i trafikken med eit opplegg dei har kalla «Sikker på sykkel» Dette er eit ledd i å nå krava i opplæringslova, som kanskje ikkje alle skulane har nok fokus på.

Både elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har hatt besøk av NAF, og her har alle elevane frå 4.-7. klasse hatt både teoriundervisning og praktisk sykkeltrening med ulike hinder. For å gjere det ekstra inspirerande har desse aktivitetane ei enkel konkurranseform i seg: der dei to jentene og gutane frå kvar skule med best resultat både på praksis og teori får møte andre skular i ein regional konkurranse. 

Onsdag kveld var desse fire deltakarane frå dei ulike skulane samla på Mo oppvekstsenter til dyst. Fem skular, med til samen 20 ungar tevla i ei allsidig sykkelløype før to vinnarar vart kåra. Ein som skal representere i gutteklassen, og ei i jenteklassen som er så heldige å kunne delta i landsfinalen allereie 1. juni på Gardermoen.

Les meir på Todalen.no


Bildet: Dyktige syklistar frå Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Fv: Natalie Moen, Mia Vasseng Hanse,. Nils Erik Gjeldnes, Heine Trønsdal Røen, Ylva Synnøve Gjeldnes, Nicole Nordvik, Markus Bolme og Anders Bergstad.


Tekst og foto: Elinor Bolme/Todalen.no