Annonse:

Årsmøte i Bøfjorden Historielag

Bøfjorden Historielag held årsmøte på grendahuset Kveldheim laurdag 27. april. Det blir med tilbakeblikk på ein rikhaldig 2018-sesong og med spennande planer for sommaren 2019.

2019 04 27 Årsmøteplakat Bøfj Hist.jpg

Aktivitetene på Bøfjorden Sjøbruksmuseum går no inn i sin 25. sesong sia starten i 1995. Det er gjennomført over 350 temasøndagar med kulturhistoriske kåseri og foredrag, og over 20.000 besøkande har vore innom museet på desse dagane.

På årsmøtet blir planene som årets sommarsesong (16. juni – 15. september) lagt fram. Laget gler seg også til å overta Staknes Fyrlykt og i samarbeid med Bøfjorden Småbåtforening flytte den til moloen på Elvanesset.

Bø Grendalag sørger for servering til dei frammøtte på årsmøtet – som altså er første laurdag etter påske.

Tips en venn Skriv ut