Tonekveld Koret P17

Koret Prosjekt 17 melder:

Todalstone-messe i Øye kyrkje

Koret Prosjekt 17, felespelaren Torgeir Leivdal og kantor Oddveig Helset Halle er hovudaktørar på Tonekvelden i Øye kyrkje onsdag.

Ingressfoto: Koret P17 saman med Torgeir Leivdal (med fela) og Oddveig Helset Halle (til høgre) under ein prøve til konserten.

Programmet byr på klassisk kyrkjemusikk, allsong med kor og forsamling, felemusikk og ikkje minst ei messe med lokalt særpreg.

I høve 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011 sette Bernt Bøe saman folkemusikk frå Todalen med sjølkomponerte korsatsar til dei kyrkjelege messeledda. I denne «Folketonemessa» hører vi salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby (til satsane Kyrie, Credo og Agnus Dei) og danseslåttar etter Hallvard Ørsal (Gloria, Sanctus og Amen). Folkemusikken er henta frå Edvard Bræins samlingar.

Besetninga er kor (Prosjekt 17 leia av Bernt Bøe), fele (Torgeir Leivdal) og piano (Oddveig H. Halle). Sokneprest Vidar Rygh flettar inn liturgiske tekster. Leivdal har også ei avdeling med «lydarslåttar».

Allsongen med kor og forsamling spenner frå kjende salmar til tangorytmer. Elles er komponistar som Bach, Handel, Beethoven, Wennerberg og Schubert med i programmet.

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe. 

Tonekveld Tomina Husby Hallvard Ørsal (1).jpg
Melodiar etter Tomina Husby og Hallvard Ørsal (biletet) er fletta inn i «Folketonemesse frå Todalen».

Tonekveld c Leivdal Torgeir.jpg
Torgeir Leivdal framfører felemusikk og er «slåttespellmann» i Folketonemessa.

Plakat Tonekveld Øye.jpg
Plakaten med informasjon om onsdagens konsert i Øye kyrkje.

 

Prosjekt 17 er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut