Tirsdag
Tirsdag Regn
Regn
Laber bris
Onsdag
Onsdag Regnbyger
Regnbyger
Liten kuling
ØSIL logo 3

Trimgruppa i ØSIL melder:

Kva er det som skjer oppi Sæterliene i Øvre Surnadal?

Trimgruppa i ØSIL inviterer dykk til å finne ut meir om dette. Møt opp på Sagatun laurdag 15. september kl 15.00. Der møter vi John Erik Moen, og han vil ta oss med opp den gamle «Ventilkammervegen» til det nye anlegget oppå Sæterlia. 

Vi får ei orientering om korleis det har vore oppå der før, kva som skjer no og korleis det er tenkt framover i tid. Etterpå går vi ned den nye anleggsvegen og tilbake til Sagatun. Heile turen tek om lag halv annen til to timar, og vi går etter grusveg.

Bli med på ein fin og interessant tur!

 

ØSIL er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut