Hedda Hansen Berg

Ny organist i Åsskard, Todalen og Stangvik

Hedda Hansen Berg vart ansatt som organist i 60 % stilling fra 1. august i år. Ho debuterte i Todalen kyrkje 5. august, og søndag 19. august står Stangvik kyrkje for tur. Stangvik sokneråd ønsker velkommen til gudsteneste, det er to barn som skal døypast, og det er nattverd og kyrkjekaffe!

Som utdanning har Hedda Bachelor i utøvande musikk, med piano som hovudinstrument, ved Musikkonservatoriet i Trondheim og Royal Scottish Academy i Glasgow. Ho har Master fra Musikkonservatoriet i Trondheim, fordjuping i songakkompagnement, med Trygve Brøske som lærar.

Hedda jobbar også som frilandspianist og repetitør, og har i tillegg deltidsstilling som pianolærar og akkompagnatør ved musikklinja på Atlanten vgs. i Kristiansund.

Hedda er en del av trioen triOpera, saman med Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Nohr, som står for den årlige julekonserten i Stangvik kyrkje. Her er det berre å slå fast at Hedda er ei allsidig dame med mange jarn i elden!

Ho er 35 år og bor på Saghaugen ved Kvanne saman med mannen Torgeir Kvendset. Dei har borna Sigurd på 8 år, Tilde 3 år, og Snorre på 10 mnd.

Soknerådet ønskjer Hedda velkommen som organist, og lykke til i den nye stillinga.