tp_leserinnlegg

Æres den som æres bør - eller tid for sjølvskryt

Fleire gonger og i fleire medier har eg lese om den gledelege og vel fortente framgangen Surnadal vidaregåande skule har hatt. Rektor roser lærarstaben, flott det også.

Men eg har venta på ein tilleggskommentar der elevane også får sin del av, kall det gjerne æra.  

For tre år sidan gjekk eg ut frå ungdomsskulen og under avslutningstalen frå rektor fekk lærarstaben sin velfortente ros. Men i begge desse tilfella lurar eg på om det er nokon rektorane gløymer. Tips: elevane…

For å ta vidaregåande der eg gjekk ut no i vår. Eg tykkjer at eg og mine med-elevar har gjort ein kjempejobb med særemne, prøvar, innleveringar osv. Faktisk har vi gjort ein stor del på eiga hand. Så det er kanskje ikkje så rart at rektor verkar både letta og glad i avisene når no skulen har klatra på resultatlistene. Det er derfor litt underleg at det er ei gruppe som ikkje blir nemnt når rosen blir utdelt. Eg har lese oppslaga om skulen- også dette på eiga hand, og eg greier i alle fall ikkje å sjå oss elevar nemnt. Bortsett frå at fråværet har gått ned og resultata opp. Blant elevane altså.

Det er ein kjempefin skule i ei fin-fin bygd og med mange fine lærarar, men gløym aldri at det aller finaste er elevane som går der. Elevane fortener vel like mykje, om ikkje meir av æra.

Dei på skulen veit nok godt kven som har litt å gå på når det kjem til oppmøte, engasjement og samhandling med elevane. Det blir nok fleire pall-plassar for Surnadal v.g. schoul når både tilsette og elevar får dreisen på blant anna «ti-prosenten».

Sjølvskryt skal ein som kjent høyre på, for det kjem frå hjartet.

 

Lykke til vidare – helsing Søgni Mogstad Strand