Søndag
Søndag Lett regn
14°
Lett regn
Svak vind
Mandag
Mandag Skyet
13°
Skyet
Svak vind
Illustrasjonsbilde Surnadal folkebibliotek avd

«Sommarles» på biblioteket

Denne store lesekampanjen starta 1. juni, og så langt har knapt 30 prosent av dei som går i grunnskulen i Surnadal meldt seg på (frå dei som skal starte i 1. klasse til hausten, til dei som går 7. klasse). Det er bra – men vi skulle gjerne hatt enno fleire med!

«Sommarles» skal stimulere til lesing i skuleferien og kampanjen sluttar 31. august. Ved å registrere seg på sommarles.no, kan du legge inn bøker du har lese, løyse oppgåver og elles gjera mykje artig. Dei som er med vil tene seg opp poeng og nå høgare level/nivå der dei både får digitale trofè og premiar på biblioteket som skal motivere til ytterlegare lesing. Biblioteket vil i tillegg trekke ut tre vinnarar som får eit gåvekort kvar. Så gå inn på sommarles.no og meld deg – eller dine – på.

 

Foto: Surnadal folkebibliotek

Tips en venn Skriv ut