Barn i løypa 3137

Mange «Barn i løypa» på Nordmarka

Torsdag kveld var det avslutningsarrangement for «Barn i løypa» ved Nordmarka idrettssenter. Det var godt oppmøte og trivelig stemning på skisenteret, der alle var velkomne.

Bildet over: Oda på tre og Olav på fem år har vore med på sin første sesong med «Barn i løypa», og har fått sine velfortente medaljer.

Kanskje var det eit usedvanleg vakkert vintervær som var årsaka til at så mange møtte opp denne ettermiddagen, eller kanskje var det medaljene som venta etter vel gjennomført renn? Eller kanskje det rett og slett var bakelsrundingen med bringebærsyltetøy som venta i det varme klubbhuset heilt til slutt som lokka så mange ut i skisporet?

Seks torsdagar kvar vinter blir «Barn i løypa» avvikla på Nordmarka. I år måtte eitt renn avlysast på grunn av kulda, men elles har forholda vore fine i vinter. Totalt har 153 barn i alderen 0-9 år delteke ein eller fleire gonger, og det lovar jo godt for rekrutteringa til langrenn i Surnadal.

I samband med avslutninga på «Barn i løypa» vart det også arrangert Telenorkarusell. 88 barn deltok på karusellrennet, og i løpet av dei fem renna som har vore arrangert denne vinteren, har i alt 112 barn delteke. Viss vi ser bort ifrå dei aller yngste, var det svært mange av barna som gjennomførte begge renna i kveld: først «Barna i løypa», så karusellrenn!

Det er tydleg at langrennsfolket i Surnadal satsar på trivsel rundt skiarrangementa sine. Eit teikn på ein raus kultur, er at også eldre barn er velkomne til gå renn, sjølv om karusellrenna i utgangspunktet er beregna for aldersgruppa opp til og med 12 år. Bakelslukta som låg som ein lett dåm over stadion i kveld, er vel også eit uttrykk for suksessoppskrifta til «Barn i løypa»: Ein runde for ein runding! Målet for arrangørane er at langrenn skal vera artig, og at barna skal får lyst til å fortsette i miljøet. Oppmøtet og engasjementet i kveld lova i alle fall godt!

Barn i løypa 3148.png

Mylder i målområdet.

Barn i løypa 3148.png

Liv og røre på stadion.

Barn i løypa 3161.png

Bokstaveleg talt ein haug med medaljer vart delt ut på avslutningskvelden for «Barn i løypa».

Barn i løypa 3169.png

Det var mange både små og store ved idrettssenteret i dag.

Barn i løypa 3186.png

Lang kø for å starte i karusellrennet!

Barn i løypa 3199.png

Ut frå start.

Barn i løypa 3213.png

Sondre, med startnummer sju, i fint driv ut frå stadion.

Barn i løypa 3229.png

Innsatsen i sporet var upåklageleg.

Barn i løypa 3236.png

Folkeliv på stadion.:

Barn i løypa 3259.png

Elian, snart to år gammel, har fått medalja si, og da er bakelsbua neste stopp.

Barn i løypa 3270.png

Perfekt avslutning på dagen med bakels inne i varmen. Frå venstre Ine, Idun og Ada.