Rindalshytter

Rindalshytter lansert til «Årets bedrift»-pris

Rindal Kommune og Rindal næringsforum lanserar rindalsbedrifta Rindalshytter AS som kanditat til prisen «Årets bedrift» som Møre og Romsdal fylke deler ut årleg.  Dette på grunnlag av blant anna at bedrifta er ei tradisjonsbedrift med evne til nyskaping og vekst og er i dag ein av landets største og leiande hytteprodusentar.

Rindalshytter AS er Noregs eldste leverandør av hytter og er ei av landets leiande produsentar av moderne fritidshus. Dei har kontor i Rindal, Trondheim og Oslo. Dette for å dekke den aukande etterspurnaden av kvalitetsproduktene Rindalshytter leverar. Dei har dobla både antal ansatte og omsetning dei to siste åra og har i dag 34 faste ansatte og omsatte for 80 mill. kr siste år. Dei er med dette ein av dei største bedriftane i Rindal og er ein stor bidragsytar til lokalsamfunnet, som til dømes sponsor for Rindal idrettslag.

Dei har dei siste åra vist at dei er innovative og har skapt merksemd utenlands med fritidsboligane sine. Dei har bl.a saman med den internasjonalt kjende arktektbyrået, Snøhetta, utvikla eit hyttekonsept kalla «Gapahuk». Dette er ein hytte med  arkitektur i verdsklasse og det har vore henvedelsar frå fleire land som f.eks USA, Sør Afrika, Portugal og Australia.

Les meir om «Gapahuk» her.

Dette er noko av det som gjer at Rindal Kommune og Rindal Næringsforum ønskjer å lansera bedrifta som kandidat til utmerkinga «Årets bedrift 2017» i Møre og Romsdal.

Rindalshytter.JPG
Frå venstre Ole Solvik frå Rindal Næringsforum, Grete Elshaug frå Rindal kommune, dagleg leiar Rindalshytter AS, Per Ivar Hyldbakk og ordførar Ola T. Heggem.