colonial_350x210

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

Colonial rocka Surnadal på 70-talet

Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Bildet denne gongen er frå 1974 og viser vokalist Otto Skjermo (t.v.), gitaristane Ole Magne Ansnes og Jostein Dønnem, trommeslagar Helge Nilsen og bassist Per Olav Bredesen i Surnadal-bandet Colonial.

Førsteversjonen av Colonial besto av Otto, Ole Magne, Jostein og Per Olav samt Solveig Øyen (song) og Svein Ola Gravvold (trommer).

Solveig og Svein Ola slutta, og etter kvart vart Helge Nilsen (trommer) og Lars Fiske (keyboard) henta inn. Da Otto og Per Olav slutta, gikk Jostein over på bass.

Ei litt artig historie om korleis namnet Colonial vart til: Otto, Jostein og nokre kameratar var på "ralltur" på Sunndalsøra, og køyrde forbi John Bakk Kolonial på Håsen. Dermed var Jostein på hugget: "John Back Colonial". Og da det seinare vart behov for bandnavn, vart det "Colonial" - vedteke utan avstemming.

Det heile enda i 1976, da nokre slutta, nye vart med, bandet skifta navn til Orpheus og orkesterbussen vart lakkert blå. Men det er ei anna historie, som du kan lese på Plekterfesten.no. Der kan du også høyre lydopptak av Colonial samt sjå fleire bilder av bandet.

Du finn også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag