IMGP5863

Kulturvøkku 2018:

Chand engasjerte i Torshall

Siste dag og siste kveld under Kulturvøkku i Rindal var det sommarkonsert med fleire aktørar i Torshall. Vi fekk høre Chand Torsvik med godlåter frå eige repertoar og sommarhits med Marit Løfaldli og Jeanette Paulsen.

IMGP5835.JPG

Jo Ranheim (gitar) og Ronny Kjøsen (trekkspill/tangent) er stødige medmusikarar som gav innslaga solid og tildels virtoust preg, sjølv om Jo gav uttrykk for usikkerhet både med omsyn til rytme og rekkefølge.

Jo Ranheim var laus og ledig hovudkonferansier, men i første avdeling introduserte både Marit og Jeanette songane sine.

IMGP5818.JPG
Jeanette Paulsen

IMGP5821.JPG
Ronny Kjøsen

IMGP5834.JPG
Marit Løfaldli

Dei to første numra var Lars Bremnes sin «Å kunne æ skrive» og Ole Paus sin «Judee ruler i himmelen». Så kom «Det rolige regnet» frå Vamp, men i «Vestkantversjon», som Jo meinte låg nærare rindalsdialekta enn haugesundsdialekta. Regnet tromma lett frå/på gitaren og keyboardet.

Så kom kveldens sommarhit frå denne besetninga – den svenske «Visa vid midsommartid», med ein innlimt polska frå Ronny Kjøsen og trekkspellet, som Jo sa. Marit Løfaldli heldt fram med enda ei svensk vise, «Änglamark» etter Evert Taube. Med støtte frå Trekkspelet til Ronny kom sommarstemninga!

Kveldens friskaste låt vart Sigvart Dagslands «De umulige». Jo var usikker på tempoet, men han fant det! Friske og leikande tonar både frå Jo og Ronny akkompagnerte Marit og Jeanette.

IMGP5829.JPG

Til slutt i denne avdelinga fekk den lydhøre forsamlinga høre tre engelske songar, «Living on a Jet Plane»/John Denver, Mary Hopkins «Goodbye» og «In my life»/Beatles. Dette er ei gruppe som alltid leverer, og vi gler oss til å høre dei att!

IMGP5856[1].JPG

Etter ein kort pause entra Chand Torsvik (over) scena. Han hadde tatt turen til Rindal for å spele i lag med Jo Ranheim og Ronny Kjøsen, sidan han arbeider med ny plate i Øra studio og ville teste litt av den.

Chand presenterte seg som låtskrivar, noko han starta med i 1998. Dermed var han inne i eit jubileumsår. Han slo igjennom i første utgave av TV-programmet X-faktor på TV2 med songen «Diamanten» i 2009.

Chand er opptatt av kjærlighet, politikk og kvardagen, og det blir det musikk av, fortalte han. Slik vart visene han framførte presentert gjennom historier. Jo Ranheim, Jeanette Paulsen og Ronny Kjøsen støtta han i framføringane.

IMGP5859.JPG

Mentoren hans, den ikkje ukjente Joralf Gjerstad, sa til han: «Du må vær liten for å bli stor.» Det vart det song av. «Vind i seila» var ein ny låt, laga etter inspirasjon frå samtalar med unge under MOT-turnéar. Ungdommen er utsett for mange typar press – kroppspress, motepress og karakterpress.

Chand viser på denne måten engasjement for problema dei unge har idag. Det er også naturleg for han med bakgrunn frå yrket som barne- og ungdomsarbeid. Songen «Livets vei» kom til da han møtte ein 6-åring som ikkje gledde seg til jul grunna forholda i heimen. Chand ville prøve å vere der for han den stunda han var på jobb - «om æ kan vær din trygghet skal æ gjør så godt æ kan» (usikkert sitat).

IMGP5863.JPG

Han beklaga at visene hans kanskje var litt meiningstunge og prøvde lette på det med den meir opptimistiske «Midtsommarsnatt» der han prøvde å dra med seg publikum, men det var ikkje så lett, men bildet viser at heilt daude var dei ikkje til sltt!

Chand Torsvik avslutta med «Diamanten», X-faktorlåten, med gitarsoloinnslag av Jo Ranheim (under), og dei fekk varm applaus.

IMGP5847.JPG

Jo Ranheim takka folket som hadde møtt fram og fylt stolane i Torshall, og han lova ny konsert neste sommar (i Trollheim, sa han)!

Konserten var eit samarbeid mellom Rindal kommune og Torshall BA.

IMGP5868.JPG