Tirsdag
Tirsdag Skyet
15°
Skyet
Svak vind
Onsdag
Onsdag Skyet
18°
Skyet
Flau vind
Lilly Gunn Nyheim, Bernt Venaas, Tove Lise Torve og Line Hoem foto privat

Byggfaglinja i Surnadal berga

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tysdag å berge byggfaglinja ved Surnadal vidaregåande skole. Ein svært glad rektor Mons Otnes er storfornøgd med at tilbodet held fram.

Ingressfoto: Lilly Gunn Nyheim (Ap), Bernt Venaas (Sp), fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) og Line Hoem (Ap) var godt fornøgde med at det vart fleirtal for forslaget som berga bygg og anlegg-tilbodet ved Surnadal vidaregåande skole. – Årets juleglede, seier Nyheim.

– Dette er eit tilbod som vert veldig godt motteke. Vi har ikkje fått presisert kva som gjeld av omfang og liknande, men slik eg har forstått det blir det halvklasse. Eg trur det blir eit godt tilbod, som vil dekke næringslivet sitt behov framover, seier rektoren.

Han reknar med å få meir informasjon om tilbodet, og kvar fylket sett grensa for halvklasse, på ei rektorsamling, som startar torsdag.

Det var under fylkesting-saka «Omstilling 2020 – Delrapport: Tilbods- og skolestruktur, reduksjon av driftsnivå – Utdanning» at 28 av dei 47 fylkestingsrepresentane stemte for forslaget som berga bygg og anlegg-tilbodet i Surnadal.

Blant dei var Lilly Gunn Nyheim (Ap) og Bernt Venås (Sp) frå Surnadal. Forslaget som fekk fleirtal var framsett av Ap, Sp, Sv, KrF, V og MDG.

– Eg er veldig, veldig glad for at det heldt heilt inn. Det har vore tøffe diskusjonar og argumentasjon. No er vedtaket fatta og no må elevane kjenne si besøkelsestid og bruke tilbodet, seier Nyheim, og legg til:

– Takk til alle som har vore med og bidrege med gode argument for behovet for byggfag; både næringsliv, enkeltbedrifter, utdanningsforbundet og politikarar. Dette er årets juleglede!

Også Venås var glad for vedtaket.

– Vi er fleire som har argumentert for å behalde bygglinja, og argumenta våre vann fram, seier han til Trollheimsporten.

Rektor Otnes fortel at han har vore veldig spent på kva som kom til å bli utfallet i saka.

– Ja, når ein ser utfordringane politikarane skal løyse, med ferje, tannklinikkar og alt, skjønnar ein at dette er ein stor kabal. Difor er vi glade for dei 28 stemmene, det er eit ganske stort fleirtal.

Han trur det store engasjementet både lokalt og på fylkesnivå har vore til hjelp.

– Det har vore ei tydeleg markering når det gjeld behovet for å prioritere skule, og det gjekk jo og så langt at det var streik i heile fylket for å markere synet på saka. Slike ting må bli lagt merke til, seier han, og slår fornøgd fast:

– Dette gjer at vi har tilbod innan bygg og anlegg både på VG1 og VG2 til hausten.

Les tidlegare, relaterte saker her:

– Aldri bra å miste tilbud

Vil kutte bygg og anleggsteknikk-tilbudet ved Surnadal vidaregåande skole

Ser budsjettkutt i samanheng med Nordøyvegen

Nordøyvegen har ikke skylda

– Fylkeskommunen tar fra det lokale næringslivet grunnlaget for rekruttering

Åpent brev til Fylkeskommunen

– Vi er heilt avhengige av den lokale ungdommen

Lærarar aksjonerer mot budsjettkutt

Aksjonerte mot budsjettkutt

– Følger saka med stor spenning

marit Drøpping og mons otnes.JPG
Både Marit Drøpping ved Indre Nordmøre Opplæringskontor og rektor Mons Otnes hadde god grunn til å vere storfornøgde med fylkestinget sitt vedtak tysdag (Arkivfoto).