Bygdevangen 80 år A

Bygdevangen 80 år

Ungdomshuset Bygdevangen vart «Bøfjorden Sjøbruksmuseum» i 1995. Huset var bygd i 1934, og søndag tek museet tilbakeblikk på 80 år.

Dette skjer med glimt frå historia i ord og tonar. Det blir rikeleg humor, og ordet er fritt – så kvar og ein er oppmoda om å bidra med sine minne frå bygda si storstue.

Årsmøte for Bøfjorden Historielag blir også avvikla denne dagen. Her er bygging av kyrkjebåtnaust ei sentral sak.

Kaffe og tilbehør sørgjer kjøkenet for.

 

Bygdevangen 80 år B.jpg