Bygdepris til raus familie

Eit høgdepunkt på 17. maifesten i Bøfjorden kvart år er utdelinga av Trollbakkprisen - ein bygdepris som Bøfjorden Historielag innstifta i 2008 for å påskjønne nokon av dei mange som gjer ein ekstra innsats for folket og bygda si. I år kunne juryleiar Randi Vetleseter Bøe dele ut prisen til familien Garthe på Settem gard.

I juryens grunngjeving heiter det mellom anna:

Gjennom fleire generasjonar har det særprega denne familien å stille seg positiv til fellesprosjekt for folket i bygda. Det gjeld tomtegrunn til skytebane, fotballbane, grendahus, småbåthamn, fritidsområde som Mjøksanden, bueskyttarløype og sykkelbane. Ikkje minst vil juryen framheve at familien har stilt ei rekkje slike område til disposisjon for bygdefolket utan tanke på eiga kommersiell forteneste. Familien har endatil i stor grad stilt på dugnad med arbeidskraft og eigne maskiner. Med si rause haldning til det som gagnar og gleder folket har årets prisvinnar gjort Bøfjorden til ei god bygd å bu i.

 

Langvarig applaus

Overrekkjinga utløyste spontan og langvarig applaus og vart tydeleg sett pris på av fullsett sal på nasjonaldagen.

Prisen består av diplom og ei lita gåve - denne gong eit plommetre. Som juryleiaren sa:

- Garden Settem manglar slett ikkje tre. Men kanskje veks det ikkje plommer i all skogen på garden?

2018 05 17 Pris til Settem gard A1 foto Bernt G Bøe_690x578.jpg

Juryleiar Randi V. Bøe (t.v.) deler ut Trollbakkprisen 2018 - med diplom og plommetre - til dei fire i familien Garthe på Settem: Far Ingebrigt og mor Maria med barna Fredrik og Mathilde.

 

Innsendt av Bernt G. Bøe/foto