Bygdebokportalen.no lansert i Surnadal

Arbeidet med bygdebøkene i Surnadal er godt i gang. Som ein del av dette arbeidet lanserast bygdebokportalen.no. Portalen skal gjere det enkelt å ta kontakt med bygdebokkontoret, og det er svært mange moglegheiter for å utvikle portalen vidare.

Tove M Schei og Lilli Husby.jpg
Tove M Schei og Lilli Husby
 

Det er Tove M. Schei som har utvikla bygdebokportalen.no, i samarbeid med bygdeboknemnda og bygdebokkontoret.

- Vi var heldige og fekk denne nettadressa, sier Tove M Schei. - Dette er banebrytande. Ein eigen bygdebokportal er visst noko heilt nytt. Eg har ikkje funnet noko tilsvarande på nett, fortel ho.
 

bygdebokportalen.jpg
Framsida på bygdebokportalen.no (skjermdump).
 

Nettadressa bygdebokportalen.no bør være lett å hugse. Her kan du finne ein del informasjon om arbeidet med bygdebøkene, og du kan sende inn rettingar og tips eller bilete direkte til bygdebokkontoret. Her ser ein for seg å kunne lage eit arkiv med bilete. Det blir noko heilt anna enn å legge ut gamle bilete på facebook. På facebook forsvinn alt etter ei tid, og der er det ikkje søkbart.

Når bøkene kjem i sal kan du bestille dei via bygdebokportalen.no. Bind 1 (Todalen) kjem ut i november 2015.

Bygdebøkene vil og bli utgjeve digitalt, som e-bok og PDF. Da blir bøkene tilgjengeleg på bygdebokportalen.no, gjennom ei abonnementsordning. Ein kan sjå for seg at mange vil velge ei digital løysing. Da treng ein ikkje å trykke så stort opplag av bøker i papirformat, og ein slepp å sitte med eit stort lager av bøker i fleire år. I dag er det og ganske enkelt å få trykt opp nye opplag av bøker. Da dei siste bygdabøkene for Surnadal vart utgjeve var det ein mykje meir omfattande prosess å få trykt av nye opplag.

Lilli Husby frå Surnadal kommune og Norunn Holten frå bygdebokkontoret er godt fornøgd med at dei no får betre og meir direkte kontakt med publikum. Denne kontakten er svært viktig, for ein er prisgitt rett informasjon frå folk i kommunen for at bøkene skal bli heilt rett. Ved å bruke internett sparar ein og mykje arbeid, og utgifter til papir og porto.

Ein gong i framtida kan ein kanskje sjå for seg at det kan bli ein søkbar database på bygdebokportalen.no. I ein slik database kan ein søke på namn og diverse anna informasjon. I motsetning til dei trykte bygdebøkene kan informasjonen her oppdaterast kontinuerleg. Kanskje blir det mogleg å få laga seg eit digitalt slektstre og.

Men først må bygdebøkene bli ferdig. Den første boka, om Todalen, kjem ut i november 2015. Trollheimsporten kjem med ei oppdatering på arbeidet med bygdebøkene i Surnadal i løpet av kvelden.