IMGP9269

Ap på valgturné.

By og land, hand i hand

Surnadalsordførar Lilly Gunn Nyheim hadde tirsdag med seg fint besøk rundt i Surnadal. Partisekretær Kjersti Stenseng, Ap, er på Nordmørsbesøk, og i Surnadal deltok også Ap sin 3.-kandidat Tove-Lise Torve og 5.-kandidat Roger Osen.

Frå venstre i bidet over: Lilly Gunn Nyheim, Tove-Lise Torve, Kjersti Stenseng og Roger Osen.

IMGP9221.JPG
Følget besøkte først Surnadal Transport der Atle Norli (over) orienterte om denne store transportbedrifta, betydninga den har for lokale bedrifter og konkurransesituasjonen dei står i. Vegstandarden ut av bygda var sentral i innlegget. Fv65 har nest høgste årsdøgntrafikk i Møre og Romsdal etter Europavegen gjennom Romsdalen.

Regionråda både i Orkdal og på Nordmøre arbeider for betring av desse vegane, og i lag med den lokale arbeidsgruppa her i dalføret støtter dei søknad sendt Samferdselsdepartementet om omklassifisering av Fv65 til riksveg.

- Hadde vegen vore riksveg, så hadde vi i alle fall hatt berre ein ansvarleg å forhalde oss til. Sidan den kryssar ei fylkesgrense, må vi no forhalde oss til to fylkeskommunar, seier Norli.

Kjell Larsen frå Pipelife var også på møtet og presenterte Pipelife for politikarane. Pipelife er største rørleverandøren i Norge og er avhengig av gode vegar for transport til kundane. Surnadal Transport har transportkontrakt med Pipelife.

Dersom Fv65 og Fv700 til Berkåk hadde tillate 25,25 m lange modulvogntog, slik utanlandske konkurrentar har til Austlandet, hadde denne transporten styrka begge desse bedriftene konkurransemessig. Ein hadde også spart miljøet med redusering av antal vogntog, noko som igjen gir gevinst både for trafikktryggleiken og for miljøet.

No slit ein med å få tilbakemelding om kva som manglar for å bruke 25 m vogntog. Søknad om bruk av slike vogntog har vorte avvist utan grunngjeving.

Larsen fortel at modulvogntog vil redusere transportkostnadene for bedrifta hans med 30 %. Miljøgevinst og effektivitet kjem i tillegg. Pipelife ville også kunne stå sterkare på miljøsida i offentlege anbudsrundar.

IMGP9233.JPG

Neste besøk var hos Talgø/Møre Tre der Terje Talgø (over) først tok oss på ei reise gjennom historia til bedrifta frå 1899 fram til idag. Grunnlaget var fossekraft. Todalen hadde gatelys før sentrum i Surnadal! Og Thora Talgø var ei av dei første kvinner som var bedriftsleiar da ho tok over etter mannen Thore som døde tidleg.

IMGP9228.JPG
Kjersti Stenseng og Terje Talgø i intens samtale.
Det har vore mange omstillingar opp gjennom åra, men dei tilsette hadde takla det godt. No ser dei framover med gode lokaler i Surnadal og Todalen, og med lager i Vinstra – noko Kjersti Stenseng kjente til. No står nyinvestering på 120 millionar i elementfabrikk i Todalen for tur. Målet i 2020 er 500 mill i omsetning og 50 nye arbeidsplassar.

Terje Talgø avslutta humoristisk med eit hjertesukk: Om Ap og H vart enige, ville vi komme langt! Personleg hadde han vanskeleg for å sjå kva dei er enige eller uenige i.

Talgø var også bekymra for situasjonen til Norske Skog, men hadde ingen råd til poltikarane.

IMGP9238.JPG
Politikarar med solid bakgrunn frå Talgø/Møre Tre.

Karin Halle, dagleg leiar ved Surnadal Hamneterminal, orienterte om Surnadal Hamn som nyleg er ferdig med ro-ro-rampe og fast anløp av Sea Cargo annakvar veke. To skip kan losse/laste samtidig, og det er håp om at ei ny rute kan legge til to gonger i veka både nordgåande og sørgåande. På veg til neste møteplass kjørte følgjet om hamneterminalen.


IMGP9268.JPG

Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag, tok imot følgjet på garden sin på Nordvikstranda. Der var det både musikkinnslag og innlegg frå Tine, Geno, bondelag og bank.


IMGP9253.JPG

Inge Bævre, gitar, akkompagnerte Svein Håvard Saksen som framførte "Vårsøg" (Hyldbakk/Sommerro) og "Gud, hjelp mæ hjem" (Elg).

IMGP9260.JPG
Dennis Saksen avslutta den kunstneriske avdelinga med levande framføring av Hyldbakks "E slåttatæja" akkompagnert av Inge Bævre.

IMGP9246.JPG
Mikkelsen fortalte at garden var stygg-gammel. Da dei grov tomt til nyfjøset, måtte dei ha arkeologiske utgravingar, og da fann dei kokegroper frå jernalderen. Slekta hans har budd på garden minst frå 1500-talet.

No driv han småbruk i storskala, - han driv 18 bruk med tilsaman 800 dekar og 480 tonn i mjølkekvote.

Som skogbrukar kommenterte han også den nye hamneterminalen.
- Kaia er ikkje bygd for å eksportere tømmeret vårt! Her skal kysttømmeret inn.
Saman med SIV Industrikubator skal ein sørge for utnytting av tømmeret her.

Om landbruket sa Mikkelsen at forbrukartrendar påverkar landbruket, men trendar skiftar fortare enn landbruket kan snu seg. Det merkar også giganten Tine, bøndenes eiga foredlingsbedrift, kunne Magne Sollid frå produsentlaget i Surnadal og Halsa fortelle. Av 150 produktlanseringar frå Tine på eitt år, kjem langt frå alle i butikken.

IMGP9266.JPG
Magne Sollid frå produsentlaget.

Talet på mjølkeprodusentar går ned, men mjølkemengda går opp, - en tendens ein ser over størstedelen av landet. Det har vorte lengre mellom bøndene.

IMGP9280-001.JPG
Ola Kvendset (over) gav så eit oversyn over avlsprosjektet Geno som har som formål å arbeide for bærekraftig utvikling av storfe og storfehald i Norge.

Kvendset sa at Norge har dei friskaste kyrne i verda. Avlsmaterialet er etterspurd frå andre land, så norske sæddosar er populære.

- Ei ku som er frisk er meir lønsam enn ei ku som produserer mykje mjølk, men må medisinerast og ha veterinærhjelp ofte. I lag med Island har vi den beste dyrehelsa. Vi brukar minst antibiotika, og det er ei bevisst haldning til dyrehelse hos veterinærar og bønder. Her har kvar ku lenge hatt sitt eige helsekort.

Du kan lese meir om kva Ola Kvendset driv med på http://viastua.no/ og på Facebook!

Ein kom inn på bruksstorleiken i Norge. Den er framleis forsvarleg. Antibiotikabruk er kontrollerbar så lenge bruka ikkje er større enn at bonden sjølv har oversikt.

Sivert Mauset er ledar i Surnadal Bondelag. Han var opptatt av grasbasert kjøttproduksjon. Det er eit paradoks at den veks i Trøndelag og på Austlandet der jorda er best for korn. For å utnytte ressursane må vilkåra for kjøttproduksjon på Vestlandet betrast.

Mauset var også uenig i effekten av forbudet mot nydyrking av myr. Med slikt forbud ville ikkje Smøla hatt jordbruk, og innføring no vil føre til usikker framtid for jordbruket på Smøla.

Han understreka verdien av mange unge bønder i bygda, godt miljø, aktivt produksjonslag og ikkje minst eit oppegåande landbrukskontor.

IMGP9283.JPG
Anne Saltrø Polden og Sivert Mauset.

Anne Saltrø Polden er tilsett ved Surnadal Sparebank og jobbar med landbruket som ein del av bedriftsmarkedet i Surnadal. Bøndene er viktige kundar til Surnadal Sparebank.

- Det er utruleg lite tap i landbruket, for bøndene vil gjere opp for seg, seier ho.

Landbruket står for stor verdiskaping og har store ringverknader til andre næringar.

Til slutt var det Kjersti Stenseng sin tur til å takke for all informasjonen ho hadde fått med seg. Både her og elles på reisene sine hadde ho møtt liten støtte for landbrukspolitikken til dagens regjering.

- Sjølv om ikkje alle her stemmer Ap, så er vi nok enige om at denne regjeringa må skiftast ut for landbruket si skuld, sa Stenseng. Ho oppsummerete Ap sin landbrukspolitikk med at dei ville bevare sterkt importvern, forhandlingsinstituttet, styrke sjølvforsyningsgraden og relanserte slagordet frå 30-åra: By og land, hand i hand.