Søndag
Søndag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
tp_leserinnlegg

Leserinnlegg:

Bruk av tida vår til frivillig arbeid

- Det frivillige arbeidet har gitt meg mykje tilbake, skriver Johannes Vaag i dette leserinnlegget .

For fleire år sidan var det ei eldsjel i helselagsarbeidet som sa til meg i samband med at det var vanskar med å få folk til å ta på seg leiande tillitsverv i det lokale helselaget: «Det er lettare for mange å gi av pengane sine enn av tida si». Eg trur denne eldsjela på mange måtar har mykje rett.

Det vil mange gonger vere lettare å gi av pengane sine enn av tida si. Mange har det annsamt i dag. Dette gjeld ikkje minst småbarnsforeldre. Av og til føler ein at ein skulle har vore på fleire stader til same tid. Vi talar om tidsklemma. Sjølv pensjonistar, som i utgangspunktet skulle ha svært så god tid, opplever tidsklemma. Mange kjenner seg nok igjen her.

Så er det noko som heiter positivt stress også. Det er utruleg kva ein rekk over når arbeidet blir opplevd som positivt og engasjerande. Frivillig arbeid av ymse slag blir gjerne opplevd som noko ein likar å halde på med. Lysta driv gjerne verket.

For eigen del har eg opp gjennom åra bruka ein god del av tida mi på frivillig arbeid. Her nemner eg arbeidsoppgåver som tillitsvald i idrettslag, skyttarlag, forsvarsforeining, helselag, heimbygdlag (mållag), pensjonistlag og i humanitært arbeid på fylkesplan i godt over 30 år. Dette frivillige arbeidet har gitt meg mykje tilbake. Det har i det heile vore ei inspirerande og rik tid å kunne engasjere seg i ulønna frivillig arbeid.

Frivilligheta blir ofte omtala som limet mellom menneska i samfunnet, og ikkje utan grunn. Dugnadar er noko landet vårt er kjend for. Denne sida av Norge har vi all grunn til å vere stolte av.

Vi går mot eit kommuneval. Dei ulike partia peikar i sine program ofte på dei gode sidene ved frivillig arbeid. Dette er bra. Å få folkevalde med røynsle frå frivillig arbeid med i kommunale styre, råd og utval må seiast å vere ein styrke for dei ulike lokalsamfunna.

 

Johs. J. Vaag

Tips en venn Skriv ut