Kringlåtfonna IMGP6564 redigert_690x457

Breene forsvinn

Du hugsar vel at vi hadde ein fin vinter med lite snø, også i fjellet? Så har vi kosa oss gjennom ein god, varm sommar. Sveitta har vi gjort, og det har snøbreene i Trollheimen også! Har du sett dei mindre?

Det er to grannar som har sett at snøflekkene i fjellet vart mindre og mindre og lurer på om det er nokon der ute som veit når dei sist var så små, eller heilt borte. Vi er særleg interesserte i Kringlåtfonna (øvste bildet) og Dukfonna i Tindfjellet, Folddalen. Vi veit at langsommaren 1999 delte Kringlåtfonna seg, og nedste delen forsvann heilt. Det er sikkert nokon som veit meir.

Håper du ser skilnad på gammal snø og bart, lyst berg på bilda.

Snakk gjerne med eldre folk om dette og send kommentar og nærare opplysningar til redaktor@trollheimsporten.no.

Tekst/foto: OleT 5.sept.-14.  Fotoredigering: KristinS.

Tindfjellet

Dukfonna i Tindfjellet

Ura sett frå Rindal, kvar er Purkfonna?

Snotmassivet sett frå Knyken

Blånebba sett frå Knyken

Dukfonna oppi Rinnhatten.jpgMargret Meland har sendt oss et bilde av Dukfonna oppi Rinnhatten, og sier at hun aldri har sett den så liten. Den synger nok på siste verset, legger hun til.