SAMSUNG DIGITAL CAMERA

Braksuksess for Bøfjordrevyen!

Bøfjordrevyen "Furkunnjmat" hadde premiershow på grendahuset tirsdag kveld, og resultatet vart ein skikkeleg braksuksess! I år er det ungdommane som verkeleg pregar heile showet, ikkje berre på scena, men også som tekstforfattarar.

Det er ikkje tvil om at det gror godt i rekkjene bak rutinerte Jonse Sættem og Grete Settemsdal. Ein fullsatt sal fikk servert mykje fin song, morosame sketsjar og gode monologar. Og kvelden vart utruleg fortjent avrunda med ståande applaus frå eit godt fornøgd publikum, rapporterer bofjorden.net.

Den som ikkje var på forestillinga tirsdag, har ein siste sjanse til å få med seg Bøfjordrevyen 2011 onsdag kveld.

Foto: Kay Edvin Nessæther

Klikk på bilda for større versjonar.

 

SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Hildegunn Bøe og Elisabeth Jensen i ein sketsj om heimehjelp og dårleg tid.
SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Jonse Sættem og Grete Settemsdal.
SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Lars Settemsdal og Ivar Arne Bøe forstår ikkje heilt begrepet; Graset er grønare på den andre sida.
SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Lars Settemsdal, Martin Snekvik, Nils Inge Aasgård og Ivar Arne Bøe syng om dei dårlege vegane i kommunen.
SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Silje Bøe og Johnse Sættem som fjernsynskokkar.
SAMSUNG DIGITAL CAMERA
Revygjengen avslutta kvelden med stil!