Picasa

Brå - utan stav

Torsdag kveld opplevde ei sportsinteressert forsamling eit forrykande bokshow der Oddvar Brå fortalte levande og engasjert frå livet sitt som er skildra i boka Thor Gotaas har skrive.

Møller velkommen.jpg
Morten Møller ønska Oddvar Brå og Thor Gotaas velkomne til Rindal.

Thor Gotaas.JPG
- Eg voks opp med Oddvar Brå, sa Thor Gotaas innleiingsvis, og der hadde han størstedelen av forsamlinga med seg.

IMGP6988.JPG

Kinosalen Attanova i Rindalshuset har nok aldri vore så fullsett! Folk hadde reist både frå Trondheim, Kristiansund og Averøy, pluss frå nabobygdene for å få med seg denne bokpresentasjonen.

Staven som brakk 28. februar 1982 er ei hending som minst ein generasjon hugsar og har eit forhold til, og vi var her! Staven var ikkje med, heller ikkje den sjenerte ungguten vi såg på filmen som innleidde festforestillinga.

Gotaas Brå 1.JPG

Oddvar trollbatt forsamlinga i over ein time med berre små merknader frå forfattaren.

Vi fekk følge han gjennom minst tre tiår som aktiv utøvar av kondisjonsidrett, og framleis var han i god form – som han sa.

Rindal var av dei første stadene av over 40, som desse to karene skal besøke på denne lanseringsturnéen av boka «Oddvar Brå, et skiløperliv», ført i pennen av Thor Gotås. Bokmelding finn du i fleire aviser, og vi har hørt om den i radio og TV.

Oddvar Brå IMGP7007[1].JPG

Rindal har ein spesiell plass i hjertet til Oddvar Brå. Sotsøndagrennet i Rindal desember 1963 var første rennet Oddvar Brå deltok i utafor heimbygda Hølonda. Han gjekk også på Landsemski og var sterkt knytt til Landsem skifabrikk opp gjennom åra, også etter at glasfiberskia tok over.

Dette er understreka i boka med eit kapittel med titel « Even i Rindal,» der vi kan lese om samarbeidet med Landsem Skifabrikk frå guten var med far sin til fabrikken til Oddvar sjølv stod på lønningslista.

Johan Landsem og Oddvar Brå 1.jpg
Johan Landsem og Oddvar Brå slappar av etter kveldsøkta

Oddvar kommuniserte også med Inge Bolme i salen. Inge vart visstnok nr. 2 etter Oddvar i Sotsøndagrennet i 1963.

Det var ikkje berre skiidrett som Oddvar interesserte seg for. Han var aktiv og likte å konkurrere, så han deltok både i fotball og friidrett. I 1963 vart han kretsmester i terrengløp i Selbu. Det var i Selbu han såg piggsko for første gong. Sjølv stilte han i turnsko, tunn sole og tekstil over. Det var tørt i terrenget og han vann spurtseier.

Vi fekk også høre om vennskapet med konkurrenten Ivar Formo frå Lyn, Oslo. Han konkurrerte med han i Hovedlandsrennet 12 år gammel og vart nr. 4, men dei møttes ikkje da.

I 1965 møttes dei igjen i Hovedlandsrennet. Oddvar vart nr. 3 og Ivar på delt 5. plass. Seinare same året kom Lyn fra Oslo til Trondheim for å konkurrere med trøndarane i Lille festningsstafetten. Den dagen helsa dei to gutane på kvarandre. Fedrene kjente kvarandre frå før. Da var det verken Lyn eller Leik (laget til Oddvar Brå) som vann, men Rindal med Ola T. Heggem, Inge Bolme og Jan Ola Aune!

Seinare vart Oddvar og Ivar gode kompisar og treningskameratar. Oddvar fortalte at han budde i kjellarstova hos Formo. Faren var direktør for ein plastfabrikk, og miljøet i Oslo var langt frå Hølonda – middag klokka sju i staden for tolv for eksempel. Oddvar budde i ein heim med fire generasjonar, og han hadde aldri laga mat eller reidd opp ei seng før han kom til Oslo.

- Om eg hadde spurt, så hadde eg knapt fått lov, trudde han.

Treningsforholda vart også annleis, harde stiar og vegar, mot myr og skogsterreng. Det vart hardare for føtene.

Ei anna utfordring var språket.

- Det vart nok så eg etterlikna litt, med blanda hell, sa han.

Desse to karane flytta litt utviklinga i langrennstrening desse åra. Det var slutt på skogsarbeidargenerasjonen. No var det treningsøkter og systematisk styrketrening.

Vi fekk også høre om vennskapet Oddvar Brå utvikla med utanlandske konkurrentar som Juha Mieto, Thomas Wassberg og fleire. Mieto var ein kjempe av ein kar, - temperamentsfull, men snill. Thomas var perfeksjonisten. Han og Oddvar bygde seg hytte. Oddvar si vart ferdig etter eit halvt år, Thomas er ikkje ferdig enda!

Oddvar Brå deltok i 5 OL, men største opplevinga med OL var da han i lag med norske juniorar var på opninga av OL i Grenoble 1968. Opningsseremonien der president Charles de Gaulle opna leikane overgjekk fantasien til junioren frå Hølonda.

Vi fekk høre om fleire av dei store løpa Brå hadde vore med på, både der det gjekk godt, men og der ikkje alt gjekk som planlagt. Skirenn er utandørsidrett, og da veit vi at ein ikkje kan planlegge alt.

Bjørge Lillelien følgde karrieren til Oddvar Brå og delte den med oss i Norge. Han og Oddvar kom godt over eins. Bjørge var ein beskjeden kar, og blanda seg lite med løparane, men med mikrofor i handa var han ei krut-tønne av ein kar! Reaksjonane hans var ekte.

Oddvar glømmer aldri den gongen Bjørge Lillelien kom ut av kommentatorboksen og gav han ein klem etter sigeren på ein 15 km, og han kjente gledestårene til reportaren.

- Stavbrekket, blir du aldri lei av å fortelle om det? Spurte Thor Gotaas.

- Sjølvsagt blir ein lei, men det er hyggeleg også at folk følger med, sa Brå, men det kan jo vere ei påkjenning når småfulle folk bøyer seg over deg og minner deg på den hendinga.

1. januar 2019 sluttar han på Olympiatoppen og blir pensjonist, og det trur han skal gå bra. - Sliten, nei, berre litt sigen, sa han, så han blir nok ikkje sittande berre i gyngestolen.

Gotaas og Brå skal halde rundt 40 slike kveldsforestillingar til før jul.

- Oddvar seier han har bodd på hotell i ca 12 år, og no blir det nokre netter til, sa Gotaas.

Boka er alt trykt i nytt opplag, og mange sikra seg signert bok både før og etter forestillinga torsdag kveld.

Thor Gotaas og Oddvar Brå signerer bok.JPG

Boksignering Brå Gotaas.jpg

Brå Gotaas Møller.jpg
Morten Møller takkar gjestane for forestillinga