norvald_350x321

Bondhus ny ungdomsskule-rektor

Norvald Bondhus er tilsett som ny rektor på Surnadal Ungdomsskule frå 1.august. Bondhus, som kjem frå stillinga som rektor på Mo oppvekstsenter, seier han gler seg til å ta fatt på den nye jobben. - Ungdomsskulen har fått ein flott bygningsmasse, og har eit svært kompetent personale.

Norvald Bondhus overtek etter Berit Moen Larsen, og det er ein svært rutinert skulemann som går i gang på ungdomsskulen 1.august. Bondhus har vore rektor/einingsleiar på Mo dei siste fem åra, og var før det rektor i totalt 25 år på Nordmøre Folkehøgskule.

Bondhus har også lang fartstid som aktiv Ap-politikar i Surnadal.

- Eg hadde det fint på Mo. Men da rådmannen tok kontakt for å høyre om eg var interessert i rektorjobben på ungdomsskulen, sa eg ja etter å ha vore ei lita stund i tenkeboksen.

Bondhus meiner hans bidrag til vidare utvikling av ungdomsskulen, mellom anna er evnen til å skape entusiasme samt den generelle leiarerfaringa han har.