Berit Røen (t

Boksasp begeistra med sprelsk folkemusikk

Unni Boksasp si Spellemannpris-vinnande plate "Keramello" har namnet sitt frå ein geitelokk etter surnadalingen John Røen. Røen sine døtrer Berit og Kristin var blant tilhøyrarane som lot seg begeistre av Unni Boksasp og medmusikarane sin konsert i Storstuå fredag kveld.

Saman med Trygve Brøske på trøorgel, bassist Magne Vestrum, perkusjonist Petter Berndalen, felespelar Olav Mjelva og Tore Bruvold på diverse strengeinstrument, serverer straumsnesingen Unni Boksasp folkemusikk i moderne og spennande arrangement.

Melodiane som vart framført under konserten i Surnadal Kulturhus, var i hovudsak henta frå "Keramello" - ei plate som fullt fortjent har fått fleire prisar. Unni Boksasp Ensemble kombinerer det váre og såre med det leikne og glade. Melodiøsitet og elegante arrangement gjer at melodiane har ein umiddelbar publikumsappell.

Folkemusikk er etter kvart eit svært så vidt begrep. Den blå tonen går igjen i mange av songane, og Boksasp og bandet hentar like naturleg inspirasjon frå blues og austeuropeisk tradisjon som frå det lokale norske. Andre songar har pop-element, sprelsk humor og tilnærma rocketrøkk.

I den godt besøkte Storstuå var stemninga stor både på scene og i sal. Gjestar på dei tre siste songane var tidlegare Feltkoret, som no har "gjenoppstått" som Vox. Med den fengande "Dingel dangel dalamann" - som sørga for tilløp til allsang blant publikum - som avrunding, var det ikkje merkeleg at Unni Boksasp og medmusikarane vart klappa inn att til ekstranummer!