IMGP5480

Bøndenes hjelparar

Landbruket blir meir og meir effektiv og innhaustinga blir utført av stadig større og dyrare maskiner. No om dagen går store slåmaskiner og rundballpresser for fullt på jordene i bygdene våre. Her ser du ein av landbruksentreprenørane.

Dei største gardane har innhaustingsutstyret sjølv, og dei tek leigeoppdrag for andre bruk attåt, medan fleire nyttar landbruksentreprenørar som dekker større område.

Det er viktig for fôrkvaliteten at graset blir hausta i rett tid, så derfor går maskinene frå tidleg morgon til seine kveld.

I år vart førsteslåtten grei å ta. Det var tørt og ingen problem for dei som har for vått eller bratt lende, men avlinga er under middels. Bøndene håper sterkt på ein god andreslått, sjølv om det vanlegvis er førsteslåtten som er best.

På bilda ser vi Mogset Maskin i aksjon.

IMGP5484_690x460.jpg

IMGP5486[1].JPG

IMGP5487[1].JPG