Picasa

Bøndene krev 1,8 milliardar i jordbruksoppgjeret

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverer sine krav til landbruksminister Jon Georg Dale klokka 11 torsdag. Bondeorganisasjonane krev 1.830 millionar kroner i jordbruksoppgjeret i år. Ein stor del av beløpet skal dekke auka kostnader. Dette skriv NRK på sine nettsider torsdag morgon.

Blant konkrete krav er å innføre eit driftsvansketilskot for vanskeleg tilgjengelege jordlappar og eit nytt tilskot for små og mellomstore mjølkebruk. Dette utgjer halvparten av dei norske mjølkebruka. Bøndene vil også ha verkemiddel for å fornye driftsapparatet for små og mellomstore gardar.

Les meir hos NRK.

Les også innlegget "Meir tull om tall frå Dale" fra Møre og Romsdal Bondelag.

 

Arkivfoto.