- Torsdag 17.05 Gudsteneste Mo kyrkje
- Torsdag 17.05 Gudsteneste Stangvik kyrkje
- Torsdag 17.05 Høgmesse Rindal kirke
- Torsdag 17.05 Gudsteneste Øye kyrkje
- Torsdag 17.05 Gudsteneste Åsskard kyrkje
- Torsdag 17.05 17. mai i Rindal: Folketoget
- Torsdag 17.05 17. mai i Rindal: Ettermiddagsarrangement
- Torsdag 17.05 17. mai i Rindal: Ettermiddagsarrangement
- Torsdag 17.05 Gudsteneste Todalen kyrkje
- Torsdag 17.05 17. mai i Rindal: Folkefest på Skogsletta
Blizzard - 70-talsrock frå Valsøyfjord
Arkivdykk i det nordmørske musikklivet
Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Gruppa på bildet er valsøyfjordingane Blizzard, som vart starta i 1974 og var ei vidareføring av Flo Sky fra 1973. Dei som var med frå starten var Kolbjørn Botten (song/keyboard), Oddrun Strand (song), Oddbjørn Guldbrandsen (trommer), Rolf Jarle Guldbrandsen (song/bass) og Tore Fjærli (song/gitar). Seinare vart Marvid Nilsen (song/gitar) med. Bandet reiste mykje rundt omkring, med suksesslåtar som "Can`t Help Falling In Love" (Elvis Presley ) og "Oljesjeiken" (instrumental av Kolbjørn Botten).

Averøya, Surnadal og ikkje minst Tustna var plassar som vart flittig besøkt. I ettertid har Plekterfesten fått vite at Oddrun hadde ein eigen fanklubb på Tustna. Riktignok berre med to medlemmer, men det var jo ein start!
Bandbilen var i starten ein folkevognbuss, men den drog så dårleg at medlemmene måtte ut for å skubbe i dei hardaste bakkane. Seinere vart den skifta ut med ein Opel Blitz. Etter kvart vart medlemmene spreidd og bandet vart oppløyst i 1975.
Sjå stort bildearkiv av Blizzard på Plekterfesten.no. Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.






























