tp_leserinnlegg

Blir det nok sjukeheimsplassar i Surnadal?

"Fram mot 2030 vil andelen eldre over 80 år auke dramatisk. Få kommunar i Møre og Romsdal vil få så stor auke som Surnadal. Eit sentralt spørsmål blir da: Vil vi i Surnadal kommune i ein slik situasjon ha nok sjukeheimsplassar for dei komande 10 åra?" skriv Johs. J. Vaag i dette lesarinnlegget.

Mykje er bra når det gjeld helsestellet i Surnadal. Dette gjeld også tilboda til dei eldste i kommunen. Vi har tilsette innan helse- og omsorgssektoren som gjennomgåande utfører ein framifrå jobb. Heimetenestene er kjent for å ligge  på eit svært høgt nivå. 

NTB melder at tre av ti pårørande er fortvila over sjukeheimsmaten til dei eldre. Ei undersøking frå Forbrukarrådet viser dette. Rådet har spurt pårørande om dei har følt seg oppgitt eller fortvila over maten, og nesten ein av tre svarar ja. Leiaren i Pensjonistforbundet synest dette er veldig trist og leit og seier følgjande: «Dette er en årlig foreteelse som viser at mange er veldig misfornøyd og skuffet». Slik er heldigvis ikkje stoda i Surnadal. Det skal vi vere glade og stolte av. Faktum er at Surnadal sjukeheim sitt kjøkken leverer framifrå mat til dei eldre, noko kjøkkensjefen og medarbeidarane hans skal ha stor ros for.

Så er det dette med talet på institusjonsplassar da. No er det slik at Surnadal kommune i løpet av få år har lagt ned heile 28 institusjonsplassar. 15 av desse plassane skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Resten er nedlagde sjukeheimsplassar. Surnadal har no 62 sjukeheimsplassar.

Statistisk Sentralbyrå (SSB) si framskriving av folketalet i Surnadal for tida fram mot 2030 viser at frå 2020 startar auken av eldre over 80 år for alvor i Surnadal. Fram mot 2030 vil andelen eldre over 80 år auke dramatisk. Få kommunar i Møre og Romsdal vil få så stor auke. Når andelen av dei eldste eldre aukar vil det og bli fleire demente og personar med kroniske lidingar mellom oss. Eit sentralt spørsmål blir da: Vil vi i Surnadal kommune i ein slik situasjon ha nok sjukeheimsplassar for dei komande 10 åra?

Eg vil i alle høve, slik eg har gjort i eit tidlegare lesarinnlegg, åtvare mot å legge ned fleire sjukeheimsplassar i ei tid med forventa sterk auke i talet på eldre over 80 år i kommunen. Skulle behovet for fleire sjukeheimsplassar auke i tida framover er kommunen i den heldige stilling at nedlagde plassar kan takast i bruk igjen. Men da må nødvendige midlar sjølvsagt løyvast.

Fram mot valet 9. september har avisa Tidens Krav starta opp med å presentere alle førstekandidatane som stiller til val på Nordmøre, i alt 80 kandidatar, inkludert partitoppane i dei to nye kommunane Hustadvika og Heim. Eit av fem kjappe spørsmål til førstekandidatane lyd slik: «Bør det brukes penger på flere sykehjemsplasser i din kommmune i neste periode». Så langt har det vore sprikande svar på dette spørsmålet frå førstekandidatane i Surnadal.

Til no har førstekandidatane svara slik på det stilte spørsmålet: Ja frå kandidatane frå partia Frp, SV og Krf. Nei frå MDG og H. Omtalen av kandidaten frå H har underleg nok følgjande overskrift: «Jeg vil gjenåpne alle rommene på sykehjemmet igjen».

Ordførarkandidatane Margrethe Svinvik frå SP og Anett Ranes frå Ap, begge sjukepleiarar i leiande stillingar innan pleie- og omsorgssektoren i kommunen, har ikkje gitt tilkjenne synet sitt på det aktuelle spørsmålet i avisa Tidens Krav enno. Men, det kjem nok i avisa snart. Det skal bli spennande å sjå svara frå desse to kandidatane.

Ein av desse to vil etter alt å døme bli ny ordførar i Surnadal etter valet. Derfor er det av stor interesse for veljarar som er opptatt av eldreomsorg å få vete desse ordførarkandidatane sitt syn på om det bør brukast pengar på fleire sjukeheimsplassar i Surnadal kommune i komande valperiode eller ikkje.

Johs. J. Vaag

Tips en venn Skriv ut