Tirsdag
Tirsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris
Picasa

Utstillingsopning i Kallastuå

Bjarne besøker Kalla

Kallastuå har offisiell opning av ei utstilling som stiller ut måleri av Bjarne Stenberg, samtidig som han lanserer bok laurdag 13. juli. I andre etasje i Kallastuå møter vi ateliéet til Kalla Skrøvseth og bilda hennar. Dermed møter vi to generasjonar og to ulike uttrykk I to etasjar!

Heile første etasje blir fylt med nye maleri og trykk av Bjarne Stenberg, og i andre etasje får vi sjå inn i ateliéet til Kalla Skrøvseth og ei ny utstilling som viser ein del av den store produksjonen hennar av måleri og utsmykkingar.

Offisiell opning
Den offisielle opninga er det ordførar Lilly Gunn Nyheim som skal ta seg av kl. 13.00 laurdag 13. juli.
Da blir det song av Turid Røen Kroknes, og Odd Ingar Skrøvseth presenterer boka "Blå himmel, flate jorder og rødt gress" som blir lansert denne dagen. Det er Bjarne Stenberg som har skrive små, uskuldige opplevingar og observasjonar frå oppveksten på Øyamoå i Surnadal.

Sjå plakat nedst på sida med opplysning om opningstider!

Bjarne, som var fargeblind, fortel i boka:
Jeg likte godt å tegne allerede da jeg var ganske liten. Som hos de fleste barn ble arket fylt med hus, himmel, trær og gress. Himmelen var blå, trærne brune og gresset rødt. Jeg ble naturlig nok tidlig avslørt som fargeblind. Jeg hadde problemer med å holde styr på de sju ulike fargestiftene i esken med Kema oljekritt.

Og bakom ligger bygda_Bjarne_690x482.jpg
Og bakom ligger bygda. Bjarne Stenberg,

Utstillinga til Bjarne Stenberg
Bjarne stiller ut 19 nye måleri og 10 trykk/gicléer.
12 av måleria er laga som illustrasjonar for boken “Blå himmel, flate jorder og rødt gress”.
Alle bilda er til salgs.

Høykjøring med Ola Oppistun_Bjarne_690x867.jpg
Høykjøring med Ola Oppistun. Bjarne Stenberg.

Om boka  “Blå himmel, flate jorder og rødt gress”.
Bjarne skriv i forordet:
“It takes a village to raise a child”
Jeg kan bruke det afrikanske uttrykket for å forstå min oppvekst.


Det hadde sikkert blitt “folk” av meg uten alle de flotte, sterke, rare, snille og originale naboene på Øyamoå, men de har vært med å forme meg. Det har jeg oppdaget, og satt stor pris på etter hvert.
Oldemor, bestefar, bestemor, far, mor og bror hjemme i Låna ga meg en trygg base som gjorde det mulig å sanse de ytre omgivelsene. Jeg kunne gå på oppdagelsesferd. Uten barnehage og jevngamle lekekamerater ble nabogårdene min arena.


De fleste fra min generasjon vil sikkert nikke gjenkjennende til det jeg opplever i de korte episodene i boka, så spesielle er de ikke, men de har preget meg. Alle inntrykkene senere i livet har blitt tolket med barndommen som referanse og fasit. Historiene er troskyldige og uproblematiske, men et viktig opp-komme for meg.
De store traumene som formet de største kunstnerne var ikke tilstede i min oppvekst. Det bærer nok mitt uttrykk preg av, men er det uviktig av den grunn?

Portrett Bjarne Stenberg_690x855.jpg
Om Bjarne Stenberg
Bjarne er født i 1952 og voks opp på Øyamoå i Surnadal.
Etter at han var ferdig med utdanninga som grafisk designer ved Bergen Kunsthåndverksskole, flytta Bjarne til Trondheim og arbeidde nokre år i Ekko Reklamebyrå, før han i 1981 starta eige firma.
Ved sida av jobben som grafisk designer og illustratør, har han måla på fritida og deltatt på ei rekke utstillingar.
Bilda er innkjøpt av Norsk Kulturråd, Trondhjems Kunstforening, Bergen kommune, Surnadal kommune, Gjensidige Surnadal, NTNU, og ei rekke bedrifter og privatpersonar.
“Blå himmel, flate jorder og rødt gress” er første boka til Bjarne Stenberg.

Om utstillinga til Kalla Skrøvseth
I Kallastuå og i utstillinga i 2. etasje vil vi finne ei samling av kunst som inkluderer dei fleste av kunstartene Kalla praktiserte. Det er spesielt eitt verk, eit stort eitt, mesta sann kopi av det største verket til Kalla - altertavla i Sørnes kirke, Sola, som møter oss. Eit imponerande mosaikkverk!

Utover det har vi eit spennande tilbod, ei stor samling av kunst laga av Kalla, som no er lagra digitalt og kan presenterast digitalt. Dette er eit resultat av prosjektet vi hadde i tilknyting til Kalla-jubileet i 2013 med "innsamling" av Kalla-kunst både nasjonalt og internasjonalt. Det er også ein morosam video frå Alaska med bilde frå Kalla si tid i USA/Alaska.

Om Kalla Skrøvseth
Kalla Skrøvseth er født i Surnadal i 1913, og voks opp på Tellesbø, ikkje langt frå galleriet. Ho interesserte seg tidleg for kunst og drog alt som 17-åring til Oslo for å studere. Interessa for kunst vart forsterka, og ho oppsøkte ny inspirasjon gjennom fleire utanlandsopphald, både i Roma, New York og Alaska. Det er imponerende å sjå kva Kalla skapte i den tida, det krevde mot og pågangslyst.
Parafino_Bjarne Stenberg_690x853.jpg
Parafino. Bjarne Stenberg.
Plakat Bjarne Kalla 22.05.2019-page-0_690x1078.jpg

 

Tips en venn Skriv ut