Øra_350x225

Bildeglimt frå 17. mai-feiringa i Surnadal

Tradisjonen tru gjekk første 17.mai-arrangement i Surnadal av stabelen på Øra klokka 0730. Kommunestyrerepresentant Marit Granhus Kringlebotn heldt tale for dagen, det var tog til "Husalåven" og kaffe og kaker til dei som deltok i tidlegfeiringa i grått og småkaldt ver. Seinare på dagen var det små gløtt av sol og blå himmel, men mest overskya og med ein del regnskurer. Men stemninga var stor på arrangementa rundt om i kommunen. Sjå bilder frå Øra, Bøfjorden, Åsskard og hovudtoget frå Øye til Skei ved å klikke vidare på denne saka!

Klikk på bilda for større versjonar.

Bodil Kvam Aasbø, Vegard Aasbø, Hanna Aasbø_900x632
Bodil Kvam Aasbø, Vegard (2,5 år) og Hanna (4,5 år) feira nasjonaldagen i Bøfjorden.
Jakob Eide, Martinus Bævre Sollid, Ole Kristian Solem_900x598
Jakob Eide, Martinus Bævre Sollid og Ole Kristian Solem var med på markeringa ved Åsskard kyrkje.
Åsskard kyrkje_900x598
Korsong på kyrkjetroppa i Åsskard.
Øra_900x579
Tidlegare Frp-politikar, no listetopp for Høgre, Marit Granhus Kringlebotn heldt talen på Surnadalsøra.
Surnadal Skulekorps_900x587
Surnadal Skulekorps og dirigent Lars Peder Sylte i hovudtoget på veg mot Skei.
Hovudtog_900x598
Litt regn under hovudtoget, men god stemning likevel.
Paraplyar[1]_900x565
Stor samling av paraplyar utanfor kulturhuset da ordførar Mons Otnes heldt tale.