Lørdag
Lørdag Delvis skyet
15°
Delvis skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Skyet
20°
Skyet
Lett bris
interiør biblioteket 2

Annonse:

Biblioteket opnar igjen

Surnadal kulturhus er no opna igjen på dagtid og det fører også til at biblioteket kan gi eit betre tilbod.

Opningstida for biblioteket er avgrensa til kl.13–15 (måndag–fredag), men det går an å bestille «time» om det passar betre å kome mellom kl. 10 og 12. Send i tilfelle e-post eller ring (tlf. 476 80 797).

Det er framleis muleg å bestille bøker gjennom nettsida, på telefon eller e-post (biblioteket@surnadal.kommune.no). Desse bøkene blir lagt ned bak trappa i 1. etasjen og kan hentast når det passar deg mellom kl. 08 og 22 på kvardagar.

Du kan også levere bøker på same plass. Vi ber også dei som har bøker heime, med utgått frist, om å levere desse så snart dei får det til og seinast 25. juni.

Aviser blir lagt ut på vanleg plass, medan tidsskrift no er flytta inn i biblioteket.

Nytt helst inngangen mot hotellet/busshaldeplassen om du skal på biblioteket.

Det er ikkje muleg å tilby meirope, da det er krav om at det alltid skal vere ein ansvarleg til stades for å sjå til at smittevernkrava blir følgt.

Og apropos smittevern, er det visse restriksjonar som må etterlevast – som t.d. god handhygiene ved «spriting» eller handvask. Også må mindreårige vere i følgje med vaksne, og det er sett ei maksgrense på kor mange som kan vere samtidig inne i lokalet.

Meir om dette, og andre tiltak, finn du på nettsida og facebooksida til biblioteket.

Dette tilbodet gjeld sjølvsagt ut frå gjeldande smittesituasjon her til lands, og kan bli endra om situasjonen betrar eller forverrer seg.