Surnadal kommunevåpen 200x246

Behandling av avtale med Trollheimsporten utsett

Formannskapet i Surnadal valte onsdag formiddag å utsetje behandlinga av forlenging av marknadsavtalen dei har med Trollheimsporten. Dermed blir ikkje marknadsavtalen behandla før på neste møte i formannskapet, den 28. november.

Det var etter forslag frå ordførar Mons Otnes at behandlinga av saka vart utsett. Han ønskte å få avtalen vurdert i forhold til innkjøpsreglementet i kommunen, som mellom anna skal sikre konkurranse. Han meinte også at nettportalen Trollheimsporten har dreidd meir i retning av nettavis i løpet av dei to åra avtalen har vart. Han ønskte å få desse spørsmåla belyst nærare før behandling av avtalen. Lilly Gunn Nyheim (Ap) poengterte det viktige i å få med avtalen på møtet den 28. november fordi avtalen med Trollheimsporten går ut ved nyttår, og ei behandling må skje før den tid.