Onsdag
Onsdag Klarvær
21°
Klarvær
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
20°
Delvis skyet
Flau vind
2020-01-31 18

Basarsøg på Menighetshuset

Fredag var det Kyndelsmessebasar på Rindal Menighetshus, ein rundt 130 år gammal tradisjon, med fullt hus og "stormende jubel!" Folk i alle aldrar var møtt fram og kjøpte årer med sjanse på gevinst. I kjøkenluka var gevinsten trygg!

2020-01-31 19.15.58.jpg

Misjonskunnskapen var det Birger Foseide som formidla ved å fortelle og vise bilde frå ein tur til Madagaskar. Der hadde han også besøkt kyrkja på plassen der rindalingen Martinus Vik var stasjonert som misjonær frå 1915 - 1939.

Resultatet av basaren vart at misjonsforeininga kan sende ca 30 000 kr til arbeidet Det Norske Misjonsselskap driv rundt om i verda.

2020-01-31 20.36.08.jpg
Det var mange gode gevinstar på listene (over), men det var nok åresalget (nedafor) i mange omgangar som engasjerte mest.

2020-01-31 18.53.21.jpg

- Vi takkar alle som deltok på basaren, og dei som tok med gevinstar, og gratulerer vinnarane, seier ledar i misjonsforeininga, Kjellaug Foseide.

Vinnarane av gevinstane på listene ser du nedafor:

2020-01-31 21.24.08_690x874.jpg

2020-01-31 20.19.18.jpg
Somme var ekstra heldige med trekninga på årene sine. Denne gjengen frå Krokstadøra fekk mesta dekt turutgiftene...