IMGP1890

Basar – lykke for store og små

Fredag gjekk årets Kyndelsmessebasar av stabelen på Rindal Menighetshus. Både unge og gamle samla seg om åresalg med mange trekkingar, praten gjekk livleg rundt borda, og ungane leika seg bakerst i salen.

IMGP1892.JPG

I kjøkenluka var det godt med mat å få kjøpt til rimelege prisar – trøysta når ein ikkje vann på årene.

IMGP1894.JPG
Ingen behøvde å gå svoltne heim.

IMGP1898.JPG
Åresalget gjekk strykande -

IMGP1900.JPG
- og både kjøpar og selgar var fornøgde.

IMGP1889.JPG
Kjellaug styrde trekkinga og spreidde stor glede ut i salen.

IMGP1887.JPG
John Gunnar stråla om kapp med lommelykta som han vann.

IMGP1897.JPG
Oddny Koksæter hadde ord for kvelden over temaet «Å bli sett».

IMGP1903_690x1035.jpg
Johan Helgetun vann seg ein ny venn (ovafor) og den nest yngste, Ola på 4 månader, var kjempeheldig og vann eit fotpleiesett! Når det er loddtrekking lyt ein ta det ein får.

IMGP1896.JPG

Det var også selt nummer på lister. Det salget var det Mary Ranheim, Astrid Flø og Odny Koksæter som stod for. Trekningslista for listene finn du nedafor.

2018-02-02 20.59.38_690x1036.jpg

Mandag vart pengane rekna saman i Rindal Sparebank, og det viste at Kyndelsmessebasaren 2018 samla inn 32 950 kr til arbeidet som Det Norske Misjonsselkap driv rundt om i verda.
- Vi er svært godt nøgde med resultatet og støtta frå bygdefolket, seier Kjellaug Foseide. - Det vart ein fin auke frå i fjor!