Barna sin kyrkjedag i Stangvik

Gudstenesta i Stangvik søndag hadde ungt preg. Lille Iver vart døypt, 4-åringane vart tildelt kvar si kyrkjebok og Søndagsskulen fekk gode kroner i takkoffer.

Mykje av førebuinga skjedde under kyrkjekvelden for 4-åringane torsdag, da truslærar Elsa Jensvold presenterte "Mi kyrkjebok" med bibelforteljing og songleikar.


Gjetaren dukka opp

Søndag vart dette følgt opp i familiegudstenesta. Prestevikar Einy Elgsæther samla dei minste rundt seg under preika. Bibelforteljinga om Jesus som gjetaren og vi som sauene vart ekstra levande ved at ungane kommenterte og ved at ein utkledd soknerådsleiar Rannveig Brøske spela rolla som "hyrdingen" på leiting etter sauen som var borte.

Barna sin kyrkjedag.jpg
Gjetarforteljinga fenga dei minste - særleg da Rannveig dukka opp som "gjetar" med stav og kappe. Til høgre dagens prest Einy Rendal Elgsæther. (Foto. Konfirmant Andrea Naustbakk)
 

Konfirmantar deltek

Igjen såg vi at gudstenesta blir ekstra talande når mange er aktive delakarar. Til dette bidrog også konfirmantane - i dåpsprosesjonen, som kyrkjevert, ringar, dåps- og offerassistent og som fotograf. Ordninga med slike tenesteoppgåver vart innført for nokre år sia og fungerer godt, ikkje minst i Stangvik.

Ei fin høgtidsstund for dåpsfamilie, konfirmantar, barneforeldre og alle andre - og med utdelinga av 4-årsboka som eit høgdepunkt.


Innsendt av Bernt G Bøe