Barn i kyrkja

Søndag er det gudsteneste for små og store i Åsskard-kyrkja. Og torsdagens kyrkjekveld var både ei fin samling i seg sjøl og nyttig førebuing til søndagen.

6-åringane får tildelt «Barnas Kyrkjebok» under gudstenesta. Der er det også dåp, nattverd, andakt og song. Prest Torbjørn Brøske og trusopplærar Elsa Jensvold øvde med barna og let dei bli kjent med både gudstenesteledd og kyrkjehuset sitt.

Søndag skal ei lita jente døypast, og difor vart øvinga med dåpsprosesjon og ein liten dokkedåp ekstra levande. Framme ved alteret fortalte Torbjørn om nattverd og altarbruk. På galleriet fekk både 5-, 6- og 7-åringar laga lyd i store og bittesmå orgelpiper. Lyd fekk dei også i kyrkjeklokkene – med skikkeleg fart i klokketaua.

Elsa organiserte bibel-teater om Bartimeus, med ungane som aktørar. Og klokkar Randi Vetleseter Bøe skapte høgtidsstund attmed lysgloben, der alle fekk tenne lys for noko eller nokon dei tenkte på.

I Kyrkjestua hadde Gunda og May Britt sørga for mykje god mat og drikke til avslutning på Barnas Kyrkjekveld.

Og programmet held altså fram med gudsteneste søndag – der både små og store er i aksjon!

Kyrkjekveld Åssk a DOKKEDÅP.jpg

Elsa samla stor interesse om dokkedåpen. Og søndag er det retteleg dåp!

Kyrkjekveld Åssk b ALTAR.jpg

Elsa og Torbjørn underviste om gudstenesta.

Kyrkjekveld Åssk c ORGELET.jpg

Organist Bernt Bøe viste finessane i orgelet, og alle fekk fram tonar etter tur.

Kyrkjekveld Åssk d Klokkelyd.jpg

Her vart det fart og klang i kyrkjeklokka!

Kyrkjekveld Åssk e GLOBEN.jpg

Høgtid og gode tankar attmed lysgloben.

 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe