2018-12-14 14

Bankstuekonsert

Stuekonsert var først litt utafor komfortsona til Øyvind Weiseth frå Halsa, men det hadde gått over da han hadde stuekonsert i Surnadal Sparebank fredag ettermiddag.

Øyvind Weiseth IMGP7705.JPG

Konserten opna med den kjente, sørgmodige «Have Yourself a Marry Little Christmas» av Ralph Blane og Hugh Martin, og vart avslutta med Maria Mena sin «Home for Christmas». Øyvind tok desse kjente songane og laga dei til sine eigne med den kjenslevare framføringa si.

Mellom desse var det berre eigne låter på eiga dialekt.

- I Trondheim spør dei kva orda betyr, men i Fredrikstad forstår dei alt, sa han om dialektbruken sin.

Først på februar slepp han ein ny EP. Frå den spela han favorittlåten - «Glass» - vent og hør!

IMGP7718.JPG

IMGP7719.JPG

Under konserten, som var «unplugged», med gitar og song, var det så stilt at du kunne ha høyrt ein tiøring rulle på golvet i bankstua, om den hadde funnest!

I august sleppte han låten «Hjelp me opp» på Spotify med fullt band. Vi fekk høre originalversjonen slik den vart spela og skapt på soverommet.

Applausen etter framføringane viste at publikum var svært nøgde med songstunda. Etterpå hørte vi kommentarar som «Kjempebra!» og «Vi kunna sitte her ut og bort!»

IMGP7716_690x1042.jpg

Etter at Øyvind Weiseth deltok i Idol på TV2 i haust, har han hatt over ti stuekonsertar for å takke dei som stemte på han i Idol-konkurransen. Han var ikkje lei seg for utfallet av Idol. Hadde han gått vidare, hadde det ikkje vorte tid til desse konsertane. Denne konserten var avslutningskonserten.

Øyvind WeisethIMGP7710.JPG

Øyvind Weiseth har ein bacheloreksamen frå LIPA i Liverpool. Sidan han ønska å synge på norsk, var det kanskje feil å studere i utlandet, men han lærte utruleg mykje der.

- Og så fekk eg møte Paul McCartney! Han er ein utruleg fin og varm fyr, seier Øyvind.

IMGP7729.JPG

- Surnadal Sparebank har hatt eit godt samarbeid med Weiseth heilt sidan han hadde Hazel Band i Halsa for eit tiårs tid sidan, kunne Liv Dalsegg (t.v.) fortelje. Dei sponsa også stuekonsertturnéen.