2019-03-015

Åpen Dag på Rindal Eldresenter

Bankens dag – bankens stav

I dag var det Rindal Sparebank og Rindals 80-åringar som stod i sentrum på Åpen Dag som Rindal Pensjonistlag arrangerer.

Før utdeling av spaserstokkane, heldt banksjef Magne Bjørnstad ei orientering om Rindal Sparebank og korleis situasjonen til banken er, og Edgar Kattem delte av bilde sine frå bygda.

Rindal Sparebank har no 15 tilsette, og 4 av dei arbeider ved avdelingskontoret på Grilstad, Ranheim, og 4 av dei er tilsette siste året. Banken er dermed ein verdifull arbeidsplass for Rindalssamfunnet.

IMG_2232.JPG

Bjørnstad (over) minner også om at banken støttar mange tiltak i lokalsamfunnet. Torsdag kveld kan nye 200 000 kr bli delt ut til almennyttige formål.

I tillegg til vanlege banktenester, tilbyr Rindal Sparebank eigedomsmekling og og forsikringtenester gjennom Aktiv og Eika. 

Status i Rindal Sparebank pr. 31.12.2018 er utlånsauke på 5,6 % i 2018. Det totale utlånet er på ca. 2 mrd. Sum innskott i banken er på 1,35 mrd, og ca. 50 % av innskotta frå Rindal.

Rindal Sparebank betalte i 2018 3,7 mill i skatt til Rindal kommune. Bjørnstad la vidare til at dei tilsette i banken betalt ca. 2,5 mill skatt i 2018. Totalt skattebidrag blir da 6,2 mill.

Eigenkapitalen til Rindal Sparebank er 221 mill, og dette er bygdas arvesølv. Over generasjonar er det bygd opp ein solid eigenkapital i Rindal Sparebank.
- Likevel er vi ein av dei minste bankane i landet, sa Bjørnstad.

Jon Trønsdal med kristin og Magne.jpg
Kristin Langli og Ola Børset frå Rindal Sparebank flankerer tidlegare kollega Jon Trønsdal som held tak i spaserstokken sin.

Så var det tid for utdelinga av spaserstokkane til 80-åringane. Banksjefen minte om at Jon Trønsdal som i dag fekk stav frå Rindal Sparebank, var tilsett i banken frå 1979.

2019-03-015_690x388.jpg
Bakerst: Oddvar Evjen, Ola Børset, Sigrid Nerbu, Jon Trønsdal, Ingrid Rindalsholt, Odd Røen, Jon Kristian Aune, Kristin Langli, Magne Bjørnstad.
Fremst: Ingolf Røen, Gerd Helgetun, Ivar Haltli, Astrid Møkkelgård og Ingrid Grytbakk

2019-03-020.jpg

Før forsamlinga fekk servert kaker, viste Edgar Kattem (over) bilder frå NM på ski i 1979 med gode kommentarar. Mange (alle?) i salen hugsa dei dagane og at det var ekstra kaldt. Edgar kunne, supplert av Olav Helgetun frå salen, fortelle at det var så kaldt oppe i Trollheim under festmiddagen, at dei hadde samla inn panelomnar som dei la ned og sette maten på for å halde den varm før serveringa. Dei måtte også leite seg fram til sikringskursar som tålte påkjenninga.
IMG_2248.JPG

Vi fekk også sjå mange bilde frå naturen, særleg frå Langvatnet, der Edgar likar å opphalde seg. Om bildet av moltefangsten sin sa han:

- Når æn ska ta bilde tå moltfangst må æn kom e haug å ha lita bøtt'!

2019-03-016.jpg
Som vanleg når banken er vertskap, var det kakeservering, og nestledar i pensjonistlaget og møteledar Jostein Grytbakk, som attpåtil er styreledar for Rindal Sparebank, forsynte seg godt av kaka!
Sidan det er valgmøte denne kvelden, så er dette siste dagen han er styreledar for banken.

Før pensjonistane kunne gå kakemette og godlynte heim, fekk dei orientering om arbeidet i "Rådet for eldre og mennesker med nedsatt funksjonsevne" ved Ragnhild Stavne Bolme (nedafor), og assisterande helse- og omsorgsledar Ann Kristin Ryggvik Tørset fortalte om arbeidet med planlegginga av nytt Helsehus.

IMG_2259.JPG

IMG_2236-001.JPG

Foto: Magne Bjørnstad, Jostein Grytbakk og OleT.

Edgar Kattem viser bilder
IMG_2236
IMG_2238
IMG_2246
IMG_2250
Jubilantene I
2019-03-017
2019-03-018
Tips en venn Skriv ut